Kommunar kan fatta vedtak om fortsatt skjenkestopp eller strengare reglar enn dei nasjonale reglane. Kommunane kan ikkje vedta mindre strenge reglar enn dei nasjonale.
Suldal kommune har ikkje vedtatt egne reglar, og det er difor de nasjonale regane som gjeld i Suldal kommune.
Dei nasjonale reglane for skjenking av alkohol er no slik:
Serveringsstader med skjenkeløyve skal berre servera alkohol ved bordservering, og det skal vere sitteplassar til alle gjester. Servering av alkohol kan berre skje til dei som får servert mat.
Serveringsstader som har skjenkeløyve skal ikkje sleppe inn gjester etter kl. 22.00. Skjenking skal avsluttast 24.00. Konsum av utskjenka alkoholholdig drikk må opphøyra seinast 30 minutt etter dette.
Serveringsstader som har skjenkeløyve skal registrera kontaktopplysningar til dei gjestene som samtykker til det.
For meir informasjon, sjå koronaforskrifta § 14a