Informasjon og råd til innbyggjarar og besøkande i Suldal kommune

Noreg har gått over til normal kvardag med auka beredskap.
Suldal kommune har ingen eigne lokale forskrifter, og følgjer nasjonale råd og retningslinjer.

Smittevernråd:

  • Vask hendene ofte, bruk såpe og vatn eller alkoholbasert desinfeksjonsmiddel
  • Bruk papirlometørkle eller albogekroken når du hostar eller nys. Kast papirtørkle og vask hendene etterpå.

Her kan du lese FHI sine smittevernråd.


Ved luftvegssymptom:

  • Ved nyoppstått luftvegssymptom ( feber, hoste, sår hals, tap av lukte- og allmenntilstand), hald deg heime
  • Test deg for covid-19. Dette gjeld først og fremst ungdom og vaksne. Testing av barn kan vurderast i samråd med føresette, for eksempel dersom barnet får nyoppståtte symptom etter nærkontakt med bekrefta positiv tilfelle

Her kan du lese meir om kva du skal gjere ved nyoppståtte luftvegssymptom.
 

Når kan ein venda tilbake til jobb/ skule  etter  symptom?

  • Ungdom og vaksne bør ha ein negativ covid-19 test før dei vendar tilbake til jobb og skule etter symptom
  • Viss symptom som eksempelvis feber går bort etter ein dag og allmenntilstanden er god, kan ein gå tilbake til jobb og skule sjølv med lette symptom som rennande nase eller lett hoste
  • Med vedvarande symptom bør ein bli heime til allmenntilstanden er god, symptoma er i tilbakegang og ein har vore feberfri i 24 timar, utan bruk av febernedsettande preparat. I dei fleste tilfella bør ein halde seg heime i eit par dagar
  • Ved meir alvorlege eller vedvarande symptom, kontakt lege for vurdering
  • Helsepersonell skal ha ein negativ test før ein går på jobb med symptom
  • Barn i barnehage eller barneskule som berre er snørrete eller har tett nase eller kroniske luftvegssymptom, treng ikkje halde seg heime. Er det symptom som feber, hoste, sår hals og nedsett allmenntilstand, bør dei vera heime, men kan gå tilbake til barnehage/skule når dei er i betring og har berre rennande nase eller lett hoste. 
     

Testing:

Det blir anbefalt låg terskel for alle med nye luftvegssymptom, uansett vaksinestatus. Suldal kommune vil organisere det slik:

Hurtigtestar vil bli levert ut ved legekontoret på Sand, eller ein kan kjøpa sjølv på apotek

Dersom du testar positiv på ein hurtigtest, ta kontakt med legekontoret for ein PCR-test for å bekrefta resultatet og vidare orientering om isolering
 

Råd til nærkontaktar:

  • Uvaksinerte husstandsmedlemmr og tilsvarande nære kontaktar til ein smitta, blir anbefalt å halde seg vekke frå andre i 7 dagar eller teste seg
  • Dagleg sjølvtesting i 7 dagar
  • Vaksinerte husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære, blir ikkje anbefalt å avstå frå kontakt med andre, men bør testa seg ved symptom
  • Andre som blir definert som nærkontaktar bør testa seg snarast mogleg, avgrensa sosial omgang til negativt testsvar føreligg. Følg godt med på eventuelle symptom i 10 dagar etter nærkontakten

Kommuneoverlegen kan gjera vurderingar om bruk av karantene.

Flytskjema luftvegssymptom