Det blir 17. mai - i år óg!

17. maifeiringa i år vil, som ifjor, bli annleis enn me er vane med.

Men målet er at flest mogleg skal kjenna den gode og stolte 17.mai kjensla i kroppen, sjølv med ei annleis feiring. 

Regjeringa har gått ut med informasjon om at det framleis er for tidleg å ta stilling til kva rammer som vil gjelde for 17. mai. Helseminister Bent Høie har tilrådd 17. maikomiteane om å ta utgangspunkt i fjorårets råd og reglar når dei skal planleggja årets 17. mai. 

Regjeringa varslar at det vil kome nærare informasjon om råd og tilrådingar for feiringa i siste halvdel av april, og viss smittesituasjonen tilseier det håpar me det vil opnast noko meir opp enn det var moglegheit for i fjor.

Her kan du lesa råda for gjennomføring av fjorårets 17.maifeiring.