Dei nasjonale karantenereglane endrast frå 26.januar

Hovudendringa er auka bruk av testing i staden for smittekarantene for nærkontaktar.

Smittekarantene på 10 døgn for nærkontakt til smitte kan erstattast med:

  • Dagleg testing i 5 døgn etter siste nærkontakt for husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.
  • Husstandsmedlemmer og tilsvarande nære som ikkje kan halda avstand til den smitta i isolasjonsperioden kan erstatta smittekarantene med dagleg testing i 11 døgn (6 døgn i den smitta sin isolasjonsperiode + 5 døgn etter dette). Dette gjeld òg barn.
  • I tillegg til nye reglar for test vert det anbefala å bruka munnbind innandørs på offentleg stad og å unngå store samankomstar og arrangement i 10 døgn etter nærkontakten. Anbefalinga om å bruka munnbind gjeld ikkje barn under 12 år, skulebarn over 12 år når dei er på skulen og dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruka munnbind.
  • Ver merksam på eventuelle symptom under heile perioden.
  • Ved symptom skal ein halda seg heime og testa seg.
  • Dei nye reglane vil frå dei trer i kraft òg gjelda dei som allereie er i karantene. 
  • Personar som ikkje følgjer nye reglar for test må vera i karantene i 10 døgn, med eventuelt testing ut av karantene ved negativ test tatt tidlegast 7 døgn etter siste nærkontakt.
  • Personar som har gjennomgått covid-19 siste tre månader er unnateke frå smittekarantene. I tillegg blir dei særskilde unntaka som gjeld for m.a. personell i kritiske samfunnsfunksjonar vidareført .

Øvrege nærkontaktar

Smittekarantene for nærkontaktar som ikkje er husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære den smitta vart oppheva den 13. januar. Personane vert anbefalte å testa seg 3 og 5 døgn etter nærkontakten, og det vert anbefalt å vere merksam på eigne symptom i 10 døgn. Ved symptom skal ein halda seg heime og testa seg.