Suldal kommune følgjer nasjonale tilrådingar og har ingen eigne lokale forskrifter.

Suldal bad har vore stengt for publikum sidan 04. januar. Måndag 18. januar opnar badet igjen.

Det er ingen nye koronatilfelle i Suldal etter dei to som testa positivt 12. januar. Nærkontaktene har testa negativt. 

I dag, 12. januar, har to personar i Suldal kommune fått positiv test for koronavirus.

Både 04. og 05. januar vart det stadfesta nytt tilfelle av koronasmitte i Suldal. 

Det vart i dag, 5. januar, stadfesta eit nytt tilfelle av koronasmitte i Suldal. 

Suldal kommune mottok i dag 04. januar informasjon om at ein person busett i kommunen har testa positivt på koronavirus. Vedkomande hadde symptom på sjukdommen, og er no isolert.

For å få tilbake kontrollen på smittespreiinga av koronaviruset i Noreg, blir det innført nye nasjonale tiltak frå og med måndag 4. januar. Tiltaka vil i første omgang gjelde i 14 dagar frå og med 4. januar til og med 18. januar.

Suldal har fått melding om at me får 10 dosar med vaksinasjon i første leveranse, som blir levert 6. januar. 

Kommunen vil følgje prioriteringsrettleiaren frå FHI, og vil starte vaksinasjonen 7. januar på Suldal sjukeheim.
Me vil ta kontakt når det er din tur og ber deg tenke gjennom om du ønskjer å få sett vaksina på førehand. Vaksina er gratis.