17. mai i Suldal kommune

Regjeringa har kome med råd og tilrådingar for feiringa av nasjonaldagen. Pandemien vil prega feiringa av Noregs nasjonaldag også i år.

Markeringar av 17. mai må gjennomføres innanfor gjeldande nasjonale lokale reglar og anbefalingar. Desse kan du lese her.

Regjeringa har trekt fram at dersom det er risiko for at 17. mai-tog eller andre arrangement fører til folkeansamlingar eller tiltrekker seg personar fra ulike kommuner, bør dei avlysast.

På bakgrunn av dette, tilrår Suldal kommune i år at det ikkje vert gjennomført tradisjonelle barnetog i Suldal kommune i år. 

Me ser at 17. mai komiteane i våre ulike grender planlegger gode kreative løysingar for å gi oss 17. mai kjensle også i år.

Følg med på kva som vil bli programmet i di grend.

 

Ventar du besøk 17. mai?

Dette er gjeldande nasjonale råd for samankomst på privat stad:
 

  • Alle bør begrensa sosial fysisk kontakt i størst mulig grad. Du bør ikkje ha besøk av fleire enn fem gjester i tillegg til dei du allereie bur med.
  • Dersom alle gjestene er fra same husstand kan ein ha fleire enn fem, for eksempel om det er to foreldre og fire barn.
  • Barn og unge kan ha besøk av eller gå på besøk til éin til to faste vener ut over eigen kohort i barnehagen eller på skulen.
  • Dette gjeld både innandørs og utandørs i eige hus, hytte eller hage. Ein må likevel ikkje vere fleire enn at ein kan halde avstand.
  • Om du kjem frå eit område med høgt smittenivå, bør du verken dra på overnattingsbesøk eller ha overnattingsbesøk. Det oppfordrast å møtast utandørs, om det er mogleg. 
  • Hald kontakt med familie og vener. Finn gjerne andre måtar å vere sosial på enn å møtast fysisk.

 

Utdrag av nasjonale råd og regler som gjeld per i dag:

  • Hald minst ein meter avstand til andre. Hald hendene reine, og hald deg heime om du er sjuk.
  • Avgrens sosial kontakt og møt heller andre utendørs enn innandørs.
  • Utsett eller avlys arrangement som samlar personar fra ulike kommunar.
  • Det er tillatt med skjenking ved servering av mat, men skjenkinga stoppar klokka 22.
  • Det er eigne nasjonale reglar for arrangement som må følgast – både på 17. mai og elles.
  • Utanom i private heimar kan ein på private samankomstar samlast maksimalt ti personar innandørs og tjue personar utandørs.
  • På offentleg arrangement der folk sit på faste, tilviste plassar er det tillatt med maks 100 personar innandørs.
  • Det er tillatt med maks 200 personar på offentleg arrangement utandørs om det er mogleg å halde minst éin meters avstand. Om alle sit på faste tilviste plassar, kan man vere 600 personar (fordelt på 3 kohortar á 200 personar) om det er to meters avstand mellom kohortane.

 

Video frå fjorårets digitale feiring: