Informasjon om korona
Informasjon om flyktningsituasjonen
Massevaksineringa i Suldalshallen er no avslutta. Frå veke 6 føregår vaksinering mot koronasmitte på Suldal Legekontor.
Regjeringa fjernar ei rekke nasjonale smitteverntiltak frå kl.23.00 tysdag 01.februar.
Hovudendringa er auka bruk av testing i staden for smittekarantene for nærkontaktar.
Det er gode vaksinasjonstal i kommunen vår og den vidare vaksineringa går som planlagd.
Skular, barnehagar og helsetenesta har no krevjande dagar i samband med koronapandemien. Det er eit stort behov for ekstra personell for å handtera sjukefråvær og ekstra arbeid som følgjer.
Dei siste dagane er det fleire i kommunen som har fått stadfesta koronasmitte eller fått status som nærkontakt til smitta.
Suldal kommune har i ettermiddag motteke stadfesting om at 7 personar i kommunen har testa positivt for koronavirus. 5 av desse er elevar ved Sand skule.
Personar med underliggande sjukdom får no tilbod om 4. dose vaksine mot korona.
Regjeringa gjorde 13. januar ei justering i råda og reglane for smittevern. Justeringa er gjort etter råd frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet. Tiltaka vert vurdert løpande, og ei ny heilskapleg vurdering er venta tidleg i februar.