Kontantstøtte til straumutgift - ope for registrering

Kommunestyret i Suldal vedtok 21.september ei kommunal ordning for kontantstøtte til straumutgifter til alle busette i kommunen. Sidan har administrasjonen arbeida med å etablera eit system for deg som ønskjer å søka.

Ope for registrering

Det er no opna for å registrera søknad. Me oppmodar deg som søkjar å lesa gjennom punkta under før du loggar inn i skjema.

Kontantstøtte til straum

Kven kan få støtte?

Støtteordninga gjeld personar folkeregistrert i Suldal kommune pr.01.09.2022.

Kor mykje vil eg få i støtte?

Kvart hushald vil få kr 5000,- i kontantstøtte til straumutgifter.
I tillegg vert det utbetalt kr 3000,- per person i hushaldet.

Korleis søkjar eg?

Det skal sendast 1 søknad pr. hushald.

Du må registrera opplysningar om hushaldet i digitalt skjema.

Skjema krevjer innlogging med Bank-id.

Dette må du ha klart før du loggar inn i skjema

Skjema krevjer innlogging med Bank-id.

I skjema må du registrera opplysningar om alle dei busette i hushaldet.

  • namn
  • personnummer
  • kontonummer for utbetaling
Skal du søkja på vegne av andre enn dei du sjølv bur saman med?

Du kan søkja på vegne av andre enn dei du sjølv bur saman med.

Døme er:

  • slekt/besteforeldre du ikkje bur saman med
  • person du er verge for
  • ikkjedigitale brukare
  • andre som treng hjelp til å søkja sjølv

Dersom du søkar på vegne av må du legga ved stadfesting på at den søkjar for eig kontonummeret utbetalinga går til.

For føresette med barn med delt bustad

I tilfelle med barn med 50/50 delt bustad vert barnetilskotet delt mellom dei føresette. 

Du må registrera namn og personnummer på den andre føresette i skjema.

Krav til dokumentasjon ved innsending for andre

Dersom du søkjar på vegne av andre må du ha følgjande dokumentasjon klar før du loggar inn i skjema:

  • Namn
  • Adresse
  • E-post
  • Telefon
  • Fødselsnummer
  • Kontonummer for utbetaling
  • Vedlegg som stadfestar at den du søkjar for eig kontoen støtta vert utbetalt til. (Døme: Kopi av bankkort, kontoutskrift ol.)
Treng du hjelp til å søkja?

Dersom du treng hjelp til å søkja kan du kontakta: 

  • Organisasjon og innbyggarkontakt
  • Introsenteret i Suldal
  • Kulturhuset i Suldal - biblioteket
  • NAV
Søknadsfrist

Støtte vert utbetalt over 4 månadar. 

For å garantera første utbetaling i november vert frist sett til 18.november. 

Utbetaling

Støtta vert utbetalt over 4 månadar.

Du vil få varsel på e-post før første utbetaling.

Utbetaling skjer i slutten av månadane november, desember, januar og februar.

Har du registrert feil opplysningar i søknaden di?

Slik går du fram dersom du har registrert feil opplysningar i søknaden din: 

  • Dersom som innsendar har gløymd å registrera deg sjølv som medlem i hushaldet treng du ikkje senda ny søknad, då systemet vil fanga dette opp.
  • Dersom du har gløymd å registrera barn eller andre må du senda ny søknad på dei det gjeld. 
  • Ved andre feil som kontonummer, adresse, delt bustad og anna må du senda ny søknad.

På den nye søknaden må du skriva i kommentarfeltet på siste sida at søknad 1 innheld feil.

Søknadsskjema for kontantstøtte
Suldal sentralbord
E-post
Telefon 52 79 22 00