Konfirmasjon? Informasjon frå smittevernteamet

Kjære alle de som skal ha konfirmasjon no i haust,

Det har vore ein spesiell vår, og mange har fått utsett konfirmasjonen. Nå er det tid for den etterlengta feiringa, og me skjønar at det er mange spørsmål knytta til dette. 

Me følgjer Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet sine tilrådingar, og har nokre tips og råd om korleis ein kan halda eit arrangement nå i desse tider. 

Det går eit viktig skilje mellom private og offentlege arrangement. Med privat arrangement, meinar eit arrangement som finn stad heime eller på ein «ikkje-offentleg» stad. Då gjeld det ei grense på maksimum 20 personar. Så skal du arrangere til dømes konfirmasjon i heimen din, er det å rekne som eit privat arrangement. 

Har du derimot leigd eit lokale (det kan vere til dømes hotell, grendahus, forsamlingshus, konferansesaler og hallar), kan du eller ein annan person stå som ansvarleg arrangør. Då gjeld maksimalt 200 personar. 

Felles for begge arrangement er at ein skal halde 1 meter avstand, sørge for tilgjengeleg handsprit/handvask og at alle som har symptom som kan skuldast Covid-19, skal halde seg heime. Det kan og vera lurt å tenkja gjennom korleis ein vil at matserveringa skal foregå. Kan til dømes ein person dele ut maten? Om alle skal forsyne seg sjølv, må alle oppfordrast til god handhygiene og ha dette tilgjengeleg.

Det er viktig at de som er ansvarlege for festen har kontaktinformasjon til alle inviterte, slik at me raskt kan varsla deltakarane ved eit eventuelt smitteutbrot. 

Me ønskjer til lukka med feiringa! 

Med venleg helsing 

Smittevernteamet i Suldal Kommune

Stine Daldorff
Lege
E-post
Legekontor
Telefon 52 79 23 00