Kommunedirektøren har lagt fram Budsjett og økonomiplan for 2023-2026

Politikarane skal behandla planen 15. desember.

Økonomiplan - Klikk for stort bileteHandlingprogram Suldal kommune

Krysspunkt i 2025

Kommunedirektøren melder om at Suldal kommune vil koma i eit krysspunkt i 2025 der framtidas offentlege tenester vil skje med færre hender. Det vil utfordra tenestekvaliteten til innbyggarane, og med det må ein organisera nokon av tenestene på nye måtar. Særleg gjeld dette innan oppvekst og helse- velferdområdet. 

Ny og rett teknologi

Me skal sikra at me tar i bruk ny og rett teknologi, og auka kompetansen til å bruka den godt.

3 ulike tiltakspakkar for å auka attraktivitet

1. Suldalspakken - for å trekkja til oss besøkande og nye innbyggarar

2. Innbyggjarpakken for å byggja opp under å bu og trivast

3. Klima- og miljøpakken for å utvikla oss som berekraftig lokalsamfunn

Innbyggaren er ein ressurs og lagspelar

Me gir blant anna eit tilskot til eit stort nærmiljøanlegg på Suldalsosen til glede for alle innbyggjarar. Me legg til rette for meirope kulturhus og meirope bibliotek også når tilsette ikkje er til stades. Slik kan kommune og lag/organisasjonar saman bidra til at Suldølen bur og trivst endå betre i lokalsamfunnet. 

Framtidas Suldal

For å sikra kompetanse og kvalitet skal me blant anna jobba vidare med organisering av blant anna: 

  • Framtidas oppvekst
  • Framtidas legevaktteneste
  • Framtidas kommunesenter

Investeringar

Me investerer for 806 millionar kr. i perioden. 

Torbjørn Guggedal
Kommunalsjef
E-post
Telefon 404 06 312
Mobil 404 06 312