Kommunalt vedtak om tilskot til næringslivet

Kommunestyret har 23.juni vedteke ei tilskotsordning som fylgje av omsetningssvikt grunna korona.

Ordninga omfattar nisjebutikkar og små serveringsstader heimehøyrande i Suldal kommune.

Verksemda må aktivt søkja tilskot frå denne ordninga. Det er ingen automatisk rett til tilskot. For å kunne søkja må verksemda ha hatt, eller forventa å få, reduksjon i omsetning/driftsinntekter. Verksemder med minimum 1 årsverk kan få kr 50 000,-. Andre mindre verksemder som er hardt ramma kan formannskapet vurdera særskilt. 

Tilskotsordninga har ei ramme på kr 1,6 millionar. 

Rådmannen har fullmakt til å tildela tilskota.

Søknadane vert handsama fortløpande. 

Elektronisk søknadskjema finn du her.