Klinisk ernæringsfysiolog i Suldal kommuneLytt til tekstenStopp avspillingI dag er den årlege, nasjonale markeringa av yrket klinisk ernæringsfysiolog (KEF)! Visste du at Suldal er ein av få norske kommunar med eigen KEF? Klinisk ernæringsfysiolog Suldal kommune Kva er ein klinisk ernæringsfysiolog? Helsedirektoratet anbefaler minst ein KEF per 10 000 innbyggar, men dei færraste kommunar har dette. Kanskje lurer du på kva ein KEF er? Det er autorisert helsepersonell med fem års masterstudiar ved medisinsk fakultet som er kvalifisert til å utrede, førebygge og behandle ernæringsrelaterte sjukdommar. Klinisk ernæringsfysiolog i Suldal Her i kommunen er det eg, Anna Bakka, som er så heldig å få jobbe som KEF. Stillinga i Suldal blei oppretta for to år sidan, og sidan då har me tråkka vår eigen sti, og den er stadig i utvikling. Arbeidskvardagen er ganske variert, med betring av ernæringsarbeid på systemnivå, til dømes prosedyrer for underernæring blant eldre og mat og måltid i barnehagen, samt hjelpe enkeltpasientar i alle aldersgrupper med ulike problemstillingar, til dømes vektreduksjon, vektauke, administrering av sondeernæring, mage- og tarmdiagnosar, høgt kolesterol, diabetes m.m Gode råd frå Anna Og når eg først har ordet, vil eg oppfordre til litt førebygging: Det går mot mørkare tider, og dersom du eter lite feit fisk og matvarer tilsett vitamin D, bør du vurdere vitamin D-tilskot, særleg i månadane september til april. Vitamin D-tilskot anbefalast heile året for eldre som er i lite sollys og personar med mørkare hud, særleg gravide og barn. Vitamin D har fleire viktige funksjonar i kroppen. Kva med å øve på å ete litt meir frukt, bær og grønsaker? Me er anbefalt å ete fem handfuller kvar dag, men dei færraste gjer dette. Nok frukt og grønt gir mange helsefordeler og førebygger sjukdom og overvekt. Helsing Anna Publisert av Elisabeth Bjørkhaug Publisert 06.09.2023 10.42