Kartlegging av frivilligheita i Suldal

Forlenga svarfrist på spørjeundersøking.

Alle lag og organisasjonar som er registert hjå kommunen fekk i midten av mars tilsendt eit spørjeskjema. Svarfristen er i utgangspunktet gått ut men me ønskjer veldig at fleire skal svare og i samband med det er svarfristen utsett til 6. april. De vil i den næraste tida få tilsendt ei påminning om å svare på skjemaet og me vil med dette oppmoda flest mogleg av dykk som ikkje har svart, til å sende inn sine svar. Dess fleire svar Suldal kommune får inn, dess betre kan kommunen bli i det vidare arbeidet med å leggje til rette for at lag og organisasjonar skal ha gode føresetnadar for sin aktivitet.