Julehelsing frå ordføraren

Gode sambygdingar!

Me er no inne i adventstida. Julehøgtida nærmar seg, ei tid for samvær med slekt og venar, men og ei tid for omtanke.

Starten på det nye året var prega av koronapandemien. Men takka vera ein stor innsats frå tilsette i kommunen og frå dykk innbyggjarar kom me gjennom pandemien på ein god  måte.
Me bør takka for at me lever i eit roleg og fritt land, det er ikkje sjølvsagt.  I februar gjekk Russland til krig mot Ukraina. Det førte til store øydeleggingar og det vart ein stor straum av flyktningar. Dette skapte eit stort engasjement i heile Noreg. Her i Suldal ønskte alle å hjelpa, me følte at dette var eit angrep i nabolaget vårt. Me fekk førespurnad om å busetja 90 flyktningar noko me sa ja til. Dette har gått svært bra takka vera innsatsen frå tilsette i heile den kommunale organisasjonen og frå alle frivillige rundt om i kommunen. I dette arbeidet er den innsatsen kvar og ein av oss gjer, avgjerande. Frivillige lag og organisasjonar har ei viktig rolle.
Året i år har vore spesielt med høge prisar på straum, men og på mange andre varer. Dette har skapt utfordringar for mange. Difor var det svært gledeleg at diakoniutvalet tok initiativ til eit spleiselag  der målet er å dela ut julegåver til flyktningar, folk som lever under fattigdomsgrensa og andre vanskelegstilte. Desse går ei tøff tid i møte. 

Julehelsinga mi skal først og fremst vera ei takk til  dykk alle for den innsatsen de gjer i lokalsamfunnet. Me er avhengige av  den innsatsen  for at kommunen vår skal vera ein god kommune å bu og leva i. 
Eg vil ønskja dykk alle ei velsigna julehelg og eit godt nytt år!

Julehelsing frå
Gerd Helen Bø
ordførar