Innkalling til 4.dose koronavaksine

I dag vart det sendt ut innkalling til 4.dose koronavaksine til innbyggarar over 75 år.

Om innkalling og vaksinering

Innkallinga er sendt ut på SMS. Innbyggarar som ikkje er registrert med mobilnummer vert kontakta direkte.

Vaksineringa finn stad på Suldal legekontor torsdagar og fredagar.

Vidare vaksinering

Frå 1.september vil det gå ut innkallling med tilbod om vaksine til dei mellom 65 år -74 år og til risikogrupper med underliggande sjukdom.
Viss du ikkje ønskjer vaksine eller det har gått mindre enn 4 månadar sidan førre vaksinedose, ber me deg kontakta legekontoret for å avbestilla timen din.

Legekontor
Telefon 52 79 23 00