Innføring av ekstraordinær bandtvang

Suldal kommune har i dag innført ekstraordinær bandtvang i Suldal kommune sin del av Setesdal Ryfylke villreinområde. Dette av omsyn til villrein. Ein vil førebels også vente med å brøyte vegen frå  Vetrhus til Moskar av same grunn.
 

Det vert rapportert om ekstremt isete beiteforhold i høgfjellet i Setesdal Ryfylke villreinområde. Villreinen finn ikkje mat der dei pleier og trekker derfor ned i lågareliggande terreng der dei normalt ikkje ferdast. Dette gjeld mellom anna i Suldal kommune der villreinen no er observert fleire stader ned i fjellbjørkeskogen. Ein kan forvente at dyra er svekka og sårbare for forstyrringar. Om dei vert jaga eller på andre måtar forstyrra, vil dei bruke verdifull energi på flukt. Hundar kan bevege seg raskt over store områder og gi stor forstyrring. 

Med bakgrunn i dette blir det innført ekstraordinær bandtvang for hund. Område gjeld ikkje sør for skiløypa Mosvatnet- Breiastølsdalen-Sandsavatnet.

Kommunen ber deg vise særlig omsyn når du ferdast i fjellet. Om du treff på villrein er det viktig at du held deg på lang avstand og held deg rolig slik at dyra får høve til å fare vidare i sitt tempo. Kommunen vonar folk har forståing for den ekstraordinære situasjonen for villreinen.

LMT-utvalet har vedteke at ein frå og med 2020 skal brøyte vegen Vetrhus til Mosskar til vinterferien. Ein ser det no naudsynt å vente med å brøyte før det er avklart i forhold til villrein. 

 

>> Forskrift om ekstraordinær bandtvang for hund i S(1) (PDF, 207 kB)

Jarle Lunde
Rådgivar
E-post
Telefon 52 79 24 35
Mobil 404 18 967