Informasjonsmøte på Jelsa bygdahus 15.oktober kl.19.00

I samband med innspel til ny kommuneplan vert det arrangert informasjonsmøte på Jelsa. 

Agenda

På møte vert følgjande innspel presentert nærare:

  • Windworks Jelsa - Område for produksjon av havvindmøller på Berekvam
  • Norsk Stein - Nytt uttaksområde for stein 
  • Indre Åsarøy Gård - Mineralutvinning/pukkverk Sauaskolten

Ope møte

Møte er i hovudsak tenkt for dei som grunna restriksjonane kring Covid 19 ikkje fekk plass på møte i august. Alle er velkomne. 

Les meir om arbeidet med ny kommuneplan på informasjonssida vår. 

Torill Telstad
Rådgiver
E-post
Telefon 52 79 24 64
Mobil 994 03 439