Informasjon til alle i Suldal som ferdast i reguleringsområde til Hydro Energi Røldal-Suldal

Denne vinteren har vore mild med snødekke og isforhold mindre enn normalt.  Regulering av magasin fører til oppsprekking og opne råker langs land og ved innfalls- og utløpsosar.  Der det er tapping i elvar vil dette føra til opne kanalar langs elvaløpet.  Etter Midtlæger kraftverk vart sett i drift vil Midlægervatnet ha opne råker og usikker is i heile vatnet.  Me sjekkar områda fortløpande og skiltar og markerar usikre område.

Frå starten av mars og til påske vil det verta stopp i Røldal kraftstasjon på grunn av nødvendig vedlikehald.  Votna og Valldalsmagasinet vil stiga i denne perioden, og dette vil føra til opne råker langs land.  Av same grunn vil Røldalsvatnet stiga i perioden fram mot stoppen av Røldal kraftstasjon.

Vis respekt for skilting om markeringar.

 

Hydro Energi

 

 

Fann du det du leita etter?