Informasjon om testing for korona

Som fleire andre kommunar registrerar me i Suldal at det er færre som kjem for koronatest no i romjula. 

Låg terskel for test

Me vil derfor minne om at du bør halde deg heime og teste deg når du får symptomer på korona, òg dersom du er fullvaksinert. 
Ring koronatelefonen for å avtala test på legekontoret eller for utlevering av hurtigtest. Koronatelefonen er open alle dagar i romjula, òg laurdag og søndag.

Les meir om symptom og testing

Det vert ikkje massetesting før skulestart

FHI og Helsedirektoratet har gått ut med råd om å testa barn og tilsette i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule før skulestart etter juleferien. Suldal kommune kjem ikkje til å gjennomføra slik testing nå.
Vindafjord, Etne, Suldal og Sauda kommunar er samde om å ikkje testa før skulestart.
Kommunen vår har relativt lågt smittetrykk. Testing med hurtigtestar gir ein del falske negative prøvesvar, og eit par enkelttestar per person vil ikkje gje vesentleg tilleggsinformasjon om smitte blant innbyggarane våre.
Det vert vurdert slikt at det er langt meir effektivt å følga råda om å halda seg heime ved akutt nyoppståtte luftvegssymptom, halda avstand og redusera talet på nærkontaktar.
Alle med symptom skal testa seg.

Lokal koronainformasjon
E-post
Telefon 906 99 226

Den lokale koronatelefonen er open:

Måndag – fredag
08:30 - 15:30

Laur - søn
10:00 - 17:00