Informasjon om ny telefoniløysing

Tysdag 27. september går Suldal kommune over til mobilt sentralbord og fleire av våre tilsette får nye telefonnummer. 
Målet vårt er at du skal få tak i oss når du treng oss, og me vonar overgangen til den nye løysinga vil gå føre seg utan nedetid på systema våre.

Somme einingar får nye telefonnummer

Fleire av telefonnummera til skular, barnehagar, legekontor og avdeling for innbyggarkontakt vil vera dei same som tidlegare, men somme telefonnummer til tilsette vil altså vera nye.

Du finn kontaktinformasjon på nettsida vår: Suldal kommune - kontakt oss, denne blir oppdatert med nye telefonnummer 27. september. 

Dersom du ikkje kjem gjennom på vanleg vis kan du ringa avdeling for innbyggarkontakt på tlf 52 79 22 00, og me vil hjelpa deg vidare. 

Årsak til endringa

Det over 100 år gamle kopparnettet til Telenor blir fasa ut i løpet av 2022. Difor må Suldal kommune, saman med andre kommunar, over på nye og meir effektive løysingar. Alle Ryfylkekommunane går difor i løpet av hausten over til ny felles løysing.