Informasjon om bruk av fyrverkeri nyttårsaftan

Det er kun tillatt å nytta fyrverkeri nyttårsaftan i tidsrommet mellom kl 18.00 den 31. desember og kl 02.00 den 1. januar. Fyrverkeri kan sendast opp dei fleste stader, men me oppmodar til å ta omsyn til menneske, dyr og bygningar/køyretøy. På Sand er det eit forbodsområde for bruk av fyrverkeri som du kan sjå i kartet under.
 

Gode råd for bruk av fyrverkeri:

  • Førebu fyrverkerioppskytinga.
  • Sjekk at fyrverkeriet ikkje er skada.
  • Les bruksrettleiinga nøye og følg råda for sikker avstand ved oppskyting.
  • Fyrverkeriet må stå stødig og skal ikkje kunne velta.
  • Beskytt auga - bruk beskyttelsesbriller.
  • Hald god avstand - anbefalt tryggleiksradius er minst 25 meter.
  • Bruk helst tennstav for å tenna fyrverkeriet.
  • Sitt på huk, tenn lunta med strak arm og fjern deg raskt lengst mogleg vekk.
  • Bøy deg aldri over antent fyrverkeri.
  • Ikkje tenn på fyrverkeri 2 gonger! Fyrverkeri skal bare tennast på ein gong. Dersom du prøver igjen kan eksplosivene verte tent før du kjem deg vekk. Fyrverkeri som ikkje vert tent på første forsøk skal stå i minst 30 minutt før du dynker det med vatn, og leverar det tilbake til forhandlar.
  • Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman.

Gode råd for bruk av stjerneskot:

 

  • Stjerneskot skal nyttast utandørs.
  • Ikkje tenn fleire stjerneskot samstundes. Dersom fleire stjerneskot vert tent saman kan flammane verte store, brenna raskt og gjer skade.
  • Bruk beskyttelsesbriller – gjeld og born.
  • Ikkje vift stjerneskot ved ditt eige eller andres ansikt

Ikkje gje fyrverkeri til born – det er 18 års grense for kjøp og bruk av fyrverkeri. Det er stjerneskot og andre fyrverkeriartiklar som er godkjent for personer under 18 år. Desse kan nyttast av born og bør bare nyttast dersom vaksne ser etter at det nyttast rett og at bruksrettleiinga følges nøye.

Haugaland brann og redning iks ønskjar alle suldølar ei fin og sikker nyttårsfeiring!
 

Haugaland Brann- og redning IKS
E-post
Mobil 919 10 111