Influensavaksine

Informasjon frå smitteverngruppa i Suldal om sesonginfluensa og datoar for vaksinasjon

Kvifor vaksinera seg?

Nær 1,6 million menneske i Noreg tilhøyrer grupper med auka risiko for komplikasjonar av influensa. I snitt døyr 900 personar i Noreg kvart år som følgje av sjukdomen.  Det viktigaste førebyggande tiltaket for å unngå influensa er vaksinasjon. Influensavaksina bør setjast i perioden oktober-desember, og du er fullt beskytta etter ein til to veker.
Influensaviruset endrar seg litt frå år til år – derfor må vaksina endrast og setjast på ny kvart år. Influensa kan av og til gi komplikasjonar som bakterielle infeksjonar. Vaksinasjon sparar deg for sjukdom og bruk av antibiotika. Redusert bruk av antibiotika fører til mindre resistensproblem.

Personar som ikkje er i risikogruppe, men som vil beskytta seg mot influensa, kan også få vaksinasjon. Dei som er i risikogruppe og ikkje tidligare er vaksinert mot pneumokokkar (lungebetennelse), eller vaksinert for meir enn 10 år sidan, kan få den vaksina samstundes.

Kven bør vaksinera seg?

Influensavaksina tilrår me først og fremst til personar som risikerer alvorleg sjukdom eller død, dersom dei blir smitta av influensa. 

Dette gjeld:    

  • Alle frå fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
  • Gravide frå 12. svangerskapsveke
  • Gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko

Barn og vaksne med:

  • Diabetes mellitus, type 1 og 2
  • Kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
  • Kronisk hjerte- og karsjukdom (utanom velregulert høgt blodtrykk)
  • Kronisk leversvikt
  • Kronisk nyresvikt
  • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
  • Nedsatt immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling (til dømes kreft, HIV, reumatoid artritt, etc)
  • Svært alvorleg overvekt (KMI over 40)
  • Anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko etter individuell vurdering av lege
     
Folkehelseinstituttet tilrår også vaksine til følgande grupper
  • Helsepersonell med pasientkontakt
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar.
  • Husstandskontakter til personar med nedsett immunforsvar
     
Kva kostar det?
Prisar
Vaksine Risikogruppe Andre
Influensa Gratis Kr. 200,- (kr.150,- for vaksina + kr.50,- for å sette vaksina)
Pneumokokk (lungebetennelse) Kr.350,- Kr. 400,- (kr.350,- for vaksina + kr.50,- for å sette vaksina)

Me oppfordrar til betaling med bankkort. Ved sending av faktura kjem eit ekstragebyr på kr.59,-.

Det er ikkje dekning frå Pasientreiser ved reiseutgifter/drosje til vaksinering.

Tidspunkt

Ordinær vaksinasjon

Det blir massevaksinasjon for alle i dei prioriterte gruppene torsdag 4. november kl. 13-18, og torsdag 11. november frå kl. 10-15 i Suldalshallen. Alle som ikkje er i prioriterte grupper må venta til 1. desember.

For kommunalt tilsette

Alle som arbeider i helse- og velferd i Suldal kommune vil få vaksina på jobb. Andre kommunalt tilsette vil få vaksine i veke 46, det vil seie torsdag 18. november  frå kl 13-18 i Suldalshallen. 

Meir informasjon