Ikkje Janssen-vaksine i Suldal

Strategisk leiargruppe i Suldal kommune har drøfta råd frå kommuneoverlegen og lagt til grunn vurderinga om smittesituasjonen lokalt og regionalt. Strategisk leiargruppe har gjort følgjande vedtak:

«Suldal kommune vil ikkje gi tilbod om Janssen-vaksina som del av det kommunal vaksinasjonstilbodet.»

Dette er bakgrunnen for at  Suldal kommune har gjort ei vurdering på bruk av Janssenvaksina: Folkehelseinstituttet viser til at Janssen-vaksine ikkje skal brukast i det norske koronavaksinasjonsprogrammet på grunn av risiko for alvorlege biverknadar. 09. juni opna regjeringa for vaksinasjon med vaksina utanfor vaksinasjonsprogrammet. 

Vurderinga om smittesituasjonen lokalt og regionalt byggjer på at få er smitta i vår region, og at det snarleg vil bli tilgang på meir vaksine innan det ordinære vaksinasjonssprogrammet.

Karin Dokken Austvik
E-post
Telefon 52 79 22 21
Mobil 957 26 114