Helgehelsing frå ordførar Gerd Helen

Kjære suldølar, 


Den siste veka har vore utfordrande og annleis. Me skal hindra at folk som er smitta utan å vita det kjem i kontakt med andre. Samfunnet er sett på sparebluss med stenging av skular, barnehagar, kulturaktiviteter og arbeidsplassar. Me skal unngå å samlast, me skal halde avstand til andre, og mange skal stort sett halde seg heime. Eg oppfordrar alle i Suldal til å bli med på denne folkedugnaden.

På måndag kl 19:00 skal me halde eit informasjonsmøte, live på facebook, der me ønskjer å svara på spørsmål du har om situasjonen i Suldal. Send spørsmål til oss, stort og smått, på facebook eller på epost til postmottak@suldal.kommune.no innan kl 15 den 23, så svarar me i møtet. Informasjon om tiltaka me gjer i Suldal finn du og alltid på suldal.kommune.no.

Eg oppfordrar også alle innbyggarar i Suldal til å nyte denne nydelege helga. Me har så god plass, at me alle kan ta oss ein tur på ski, i fjæra eller i Gata og likevel halda god avstand. Ikkje bruk all tid på å følgja med på sjukdomsnyhende, sett deg i solveggen, kopla av med ein film, ring ein god ven, kort sagt: gjer noko som gir deg energi - ta vare på deg sjølv.

Med ønskje om ei god helg, med helsing frå

Gerd Helen Bø, ordførar.

Gerd Helen Bø
Ordførar
E-post
Telefon 52 79 22 01
Mobil 414 73 037