Grethe Berit Holmestad til Afternoon Tea på Slottet

17. oktober 2017 reiser Grethe til Oslo i lag med tre andre frå Rogaland til Afternoon Tea på Slottet.

Bakgrunnen for invitasjonen er at kongeparet ønskjer å fokusera på verdien av ein aktiv alderdom. Det er fjerde gongen dette skjer.

Dei fire som reiser frå Rogaland er plukka ut av fylkesmannen i tett samrbeid med dei fire heimkommunane.

Grethe har vore ein aktiv støttespelar for alt musikkliv i bygda. Hovudansvar for t.d. kostymar til mannskoret Gullgutane og for administrasjon og uniformer til musikkorps. Stiller opp for både lag, organisasjonar og enkeltpersonar.

Før dei reiser til Oslo er utsendingane inviterte til kaffi i lag med fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa 4. oktober på Statens hus.

Fann du det du leita etter?