Gode innbyggjarar, næringsdrivande, tilsette i Suldal kommune og besøkande

Regjeringa har stadfesta at samfunnet skal opnast att. Frå kl 16 den 25. september går vi tilbake til ein kvardag utan påbod om smittevernreglar. Det betyr at me ikkje treng å halda ein meters avstand. Me byrjar å leva normalt att i Skattkammeret Suldal.

Som ordførar og kommunedirektør i Suldal kommune vil me takka alle saman for innsatsen i denne lange og utfordrande perioden.  Takk for vilje til å følgja både retningslinjer og reglar. Ikkje minst takk for tålmodet og for å halda ut i ei vanskeleg tid. Grunna omsyn og innsats frå kvar og ein av dykk har Suldal kome seg gjennom pandemien på ein god måte.

Sjølv om me går tilbake til ein  normal kvardag er pandemien framleis ikkje over. Suldal kommune er godt budd og klar for  å oppretthalda nødvendig grad  beredskap, også i ein normal kvardag. Ein del av beredskapen er at me alle tar med oss lærdommen rundt smittevern, som å vaska hendene, hosta i albogekroken og halda oss heime når me er sjuke.

Me vil oppfordra dei som enno ikkje er fullvaksinerte, om å vurdera dette. Kommunen vil framleis gi tilbod om vaksinar, og de er hjarteleg velkomne til å ta kontakt.

 

Ordførar Gerd Helen Bø Suldal foto  Kommunedirektør Karin Dokken Austvik Suldal foto