Gjeldande nasjonale råd og reglar

Regjeringa gjorde 13. januar ei justering i råda og reglane for smittevern.
Justeringa er gjort etter råd frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet. Tiltaka vert vurdert løpande, og ei ny heilskapleg vurdering er venta tidleg i februar.

Kva gjeld no?

Du kan lese dei nye råda og reglane her.

Lokalt i Suldal kommune førar dette til følgjande endringar i vårt tenestetilbod:

  • Grønt nivå i skule og barnehage. Dersom det er endringar vil føresette få beskjed via Transponder og Mykid om kva dette førar til for deira born. Du kan her lese om trafikklysmodellen og kva grønt nivå betyr i praksis.
  • Suldal sjukeheim, Vinjarheim, dagsenter og Suldal bu og aktivitet er opne for besøkande med dei smitterverntiltaka som ligg, og me ønskjer at besøkande registrerer seg når dei kjem med navn og telefonnummer. 
  • Kino og konsertar vil halde ope med inntil 200 gjester i forsvarleg avstand og munnbind.
  • Bowling vil halde ope for inntil 12 personar.
  • Biblioteket: Ope som vanleg, men alt er sjølvsagt lagt til rette for trygg låning!
  • Idrettshallane er opne for trening for barn og unge under 20 år, vaksne og toppidrett etter dei nasjonale råda for idretts- og fritidsaktvitetar.
  • Suldal bad held ope frå måndag 17.januar. Badet følg gjeldande begrensing i antall gjester.  
  • Opningsfesten for Suldal frivillighetssentral 19.januar vert avlyst.
  • Tilboda til kulturskulen går som normalt med gjeldande smitteverntiltak.
  • Dei administrative bygga våre, kommunehuset og garaneset, vil framleis vere opne, men dei fleste tilsette her vil vere tilgjengelege frå heimekontor.Me praktiserar digitale møter.

Andre endringar vil bli føyd til lista etterkvart.
Tiltaka kan raskt endrast ved behov.