Gjeld søknad på SFO for skuleåret 2018/19.

Grunna nye vedtekter, vedtekne i Levekårsutvalet 22.02.18, for SFO vert søknadsfristen utsett til fredag 23.mars.  Dei som allereie har søkt må dessverre søkje på nytt. Det nye skjema er klart og ligg i Oppvekstportalen frå 8. mars.

BETALINGSSATSAR SFO (SKULEFRITIDSORDNING)

 

TILBOD

Tidsramme

Pris 2018

mnd

SFO 1

Kort dag.  07.30-skulestart + skuleslutt til 15.00

I vedtektene er det lagt inn lokale tilpassingar til start og sluttidspunkt for SFO 1

1190,-

10

SFO 2

Lang dag.  07.30-skulestart +Skulesutt til 16.30

2250,-

10

SFO 3

Fridag (gjeld for Nesflaten, Erfjord, Jelsa, Marvik, Vanvik)

Onsdag SFO /Fredag SFO

   890,-

10

SFO 4

Feriepakke 1 – full ferie

+ 490,-

10

SFO 5

Feriepakke 2 – ferie tre veker

+ 350,-

10

 

SFO 1 – tilbodet gjeld fire dagar på  dei skulane som har onsdagsfri/fredagsfri

 

Normaltid for SFO er kl. 07.30-16.30.

  • Der det er tre barn eller mindre som har behov (SFO), skal tilbodet samordnast med barnehagen. Ferielukking av nokre barnehagar kan vere aktuelt dersom ein sikrar at barna likevel har eit tilbod.
  • Månadsbetalinga skal reknast etter opphaldstid i vanleg skuleveke.
  • Opphaldstida gjeld og i feriane.
  • For fullt skuleår (følgjer skulerute) skal det betalast for 10 månadar (stengt i juli).
  • For barn i 5.-7. klasse med særskilte behov skal det betalast halv pris dersom lege eller anna faginstans har gitt skriftleg tilråding om at barnet bør gå i SFO.
  • Ved kjøp av ekstra dag så skal det betalast kr 150,- for skuledag (SFO før og etter skuledagen) og kr 450,- for heil dag.
  • Fristen for oppseiing er oppseiingsmånaden + etterfølgjande månad.

Elevar i SFO vert sett i samanheng med barnehage når det gjeld høve til å få søskenmoderasjon. Barnet i SFO er det som oppnår rabatten. Det er ikkje søsken-moderasjon på tilfeldig opphaldstid. Reglane for moderasjon i barnehagane vert lagt til grunn.

Fann du det du leita etter?