Frå 28. mars til 7. mai gjaldt desse reglane for Suldal kommune

Det var tidelgare gjort lokale vedtak i Suldal. No viser ein til nasjonale føringar, og har ingen lokale vedtak.

Hjelmeland og Suldal kommune innførte søndag 15. mars særlege skjerpa reglar for kven som må i karantene i eit hastevedtak heimla i Smittevernlova §4-1. Dei sentrale myndigheitene innførte i etterkant av vårt vedtak restriksjonar for heile befolkninga, noko som gjorde at det lokale vedtaket vart oppheva 27. mars.
  

Vær årvaken, hald dykk heime dersom de får symptom på luftvegsinfeksjon og ta kontakt med legetenestane ved behov.

21. april vart reglane for fritidsreiser endra, og me i Suldal er glade for at det er mjuka opp på punktet om å unngå unødvendige fritidsreiser, og at me no kan ønskje hyttesuldølen velkommen til oss.

Regjeringa og FHI seier no at reiser til hytta utgjer mindre fare for smittespreiing.

Her kan du lese dei nye råda frå Folkehelseinsituttet. 

Me ber våre hyttesuldøler om å forhalde seg til desse nasjonale råda, og vil gjerne opplyse om at:

  • Butikkane i Suldal er dimensjonert for mange besøkande, og er godt førebudd og klare til å ta i mot gjester
  • Suldal har ingen bekrefta tilfelle av korona
  • Me har førebudd oss grundig i helsesektoren, og er godt rigga til å gi legeteneste ved behov

 

 

Les vedtaket frå 28 mars her:

1.    Formannskapet vedtek, med heimel i smittevernlova 4.1-e,  at alle verksemder som har arbeidsreisande inn og ut av Suldal må forholda seg til retningslinjene som ligg som vedlegg. Vedtaket gjeld til 7. mai 2020.

2.    Formannskapet oppmodar sterkt eigne innbyggarar til å:

  • Følgja råda frå FHI
  • Handla lokalt
  • Halda avstand – også ute i naturen. Me oppmodar alle til å finna stader utan stor trengsel. Er det mange på parkeringsplassen? ->Finn ein annan plass å gå tur denne dagen.
  • Unngå fritidsreiser.

3.    Formannskapet oppmodar innbyggarar frå andre kommunar om å nytta eigne turområde og vera forsiktige med å foreta dagsreiser til Suldal i denne perioden

Vedlegg:
 

Tiltak for bedrifter/ entreprenører som har arbeidsreisande ut og inn til kommunen
Suldal  kommune krev skriftlege rutinar som ivaretek smittefaren. Kvar bedrift/entreprenør må lage eigen rutine som ivaretek smittefaren på sin bedrift og på overnattingstadene bedrifta nytter. Punkta under skal som minimum omtalast i rutinane. Bedriftane/entreprenørane treng ikkje å sende inn plan til kommunen, men kommunen kan kome til å be om denne.
Link til hjelp/maler: https://www.bnl.no/
 
Beskriv den daglege drifta. 
•          Kva tiltak er gjorde? 
•          Korleis sikrar ein arbeidarar mot smitte utanfor kommunen/i heimkommunen? 
•          Korleis sikrar ein at smitte ikkje vert teke med inn til kommunen? 
•          Gjer ei nøye vurdering av behovet. Kan arbeidet utsetjast/løysast utan utreise/innreise? 
•          Unngå kontakt med lokalbefolkninga. 
•          Arbeid med smittevern skal gjennomførast på lik linje med anna sikkerheitskritisk arbeid.
 
Kontordrift
  • Personell som ikkje absolutt må vera på byggeplass for å utføre sine oppgåver skal arbeide via heimekontor. Personar som oppheld seg på byggeplass utan at dette er tvingande nødvendig, skal visast vekk og avviket skal rapporterast til hovudbedrift. 
  • Fordel kontorplassar slik at «tette arbeidssituasjonar» ikkje oppstår. Utnytt også møterom til kontor, og vurder om det må skaffast fleire brakker.
Fysiske møter
  • Fysiske møter skal i minst mogleg grad førekoma, dette bør løysast ved hjelp av digitale verkemiddel. 
  • I dei få tilfelle der fysiske møter er naudsynt, skal det ikkje vera meir enn 5 møtedeltakarar, og det skal vera ein minsteavstand på 2 m mellom deltakarane.
Garderobe og kvilerom
  • Begrens kor mange som kan bruke skifterommet samtidig. 
  • Tilrettelegg skift slik at personell kan nytte garderobar og kvilerom til ulike tider. 
  • Etabler ekstra strenge, og regelmessige reinhaldsrutinar, med fokus på kontaktpunkt.
Kantine og lunsj
  • Felles matordning/kantine skal ikkje nyttast. 
  • Tilsette bør ha matpakke medbrakt på arbeidsplass. 
  • Ikkje samle tilsette til felles lunsj, unngå store samla grupper og deling av drikke som vatn, kaffi og te. 
  • Bruk eingongskoppar. 
  • Sørg for at tørkepapir og/eller eingongshanskar er tilgjengeleg for å unngå hudkontakt ved bruk av kanner og mugger
  • Plasser ut oppslag om forebygging av slik hudkontakt. 
  • Etabler reglar for reingjering ved handvask/rens for alle som bevegar seg utanfrå og inn. 
  • Sørg for god handhygiene ved at handsåpe og tørkepapir er tilgjengeleg og blir etterfylt ved alle vaskar. 
  • Ekstra reinhald av skifterom med desinfisering av smittbare berøringsflater minst 2 gonger dagleg. 
  • Informer om Folkehelseinstituttet sine rettleiingar om smittevern.
Ekstra krav for vekependling
  • Det skal tilretteleggast for at tilsette kan halde minimum 2 meter avstand til ei kvar tid. 
  •  Vekependlarar skal ha minst mogleg kontakt med omverda og i størst mogleg grad opphalde seg på arbeidsstad/brakkerigg eller hotell.
  • Unngå å samle fleire tilsette på same stad, bruk digitale løysingar. 
  • Det skal opprettast ein korona-ansvarleg på kvar byggeplass som får i oppgåve å sjå til at reglane frå Folkehelseinstituttet og interne reglar vert følgde.
Gerd Helen Bø
Ordførar
E-post
Telefon 52 79 22 01
Mobil 414 73 037
Øyvind Valen
Rådmann
E-post
Telefon 52 79 22 21
Mobil 950 51 159