Frå 28. mars gjeld desse reglane for Suldal kommune

Formannskapet har i dag vedteke og endra restriksjonane som kommunen har hatt. 

Hjelmeland og Suldal kommune innførte søndag 15. mars særlege skjerpa reglar for kven som må i karantene i eit hastevedtak heimla i Smittevernlova §4-1. 
 
Dette gjorde me fordi me opplevde at me lokalt hadde eit særskilt behov for å beskytta befolkninga og tenestene våre. Sannsynlegvis var me i ein tidlegare fase av epidemien enn byregionane og me opplevde eit reelt smittepress med stor ferdsel frå Nord-Jæren, Haugesund og andre områder inn i regionen vår. Krava i Smittevernlova om frivilligheit var ivaretatt gjennom både lokale og statlege råd, og sjølv om det var eit inngripande tiltak, vurderte me at det stod i forhold til potensiell nytteeffekt. 
 
Det er ikkje usannsynleg at tiltaket har bidrege positivt. Enn så lenge har me ikkje fått påvist smitte innanfor kommunen sine grenser, og det er sannsynleg at me framleis har mindre smittepress enn byregionane. I tillegg må me berømma befolkninga si innsats i å overhalde både dette tiltaket og alle andre nasjonale og lokale råd og tiltak, spesielt med omsyn til hygienetiltak og sosial distansering.
 
Sidan dei skjerpa reglane vart innført har dei sentrale helsemyndigheitene innført nye restriksjonar på heile befolkninga:
20. mars: 
- forbud mot overnatting på hytter
27. mars:
- Skjerpa tilrådingar om maksimalt 5 personar i grupper utanfor familien
- Meir enn 2 meters avstand innandørs på arbeidsstad
- Meir enn 1 meters avstand i det offentlege rom
 
I tillegg gjeld fortsatt følgande råd frå helsemyndigheitene:
- “Unngå reiser som ikke er strengt nødvendig, unngå offentlig transport hvis du kan, og andre steder hvor du lett kommer nær andre.”
 
Sidan førre veke har andelen av befolkningen som unngår sosial omgang med nær familie og venner gått frå 68 til 90% i følge Opinion, noko som tyder på at befolkninga på denne tida har tilpassa seg situasjonen og forstår alvoret. 
 
Alt dette tatt i betraktning, ser me no at vårt lokale vedtak nok ikkje gir så mykje tilleggseffekt i smittebremsing og -begrensing som det gjorde i starten. Vedtaket er inngripande, og det står ikkje lenger i forhold til effekten me kan oppnå.
 
Når dette er sagt ønskjer me å komma med nokre råd: Ver venleg og tenk grundig gjennom behovet for reiser til område med vedvaranade smitte og sjekk det opp mot dei nasjonale råda. Det gjeld både for kommunane våre si befolkning, men også befolkninga utanfor. Til dømes vil me ikkje tilrå dykk å dra på lange turar i fjellet, i alle fall ikkje utanfor kommunen, og likeeins vil me ikkje tilrå at folk utanfrå reiser på dagstur til våre kommunar for å gå på tur i heia vår. All bevegelse i nærmiljøet aukar smittefaren (ein må gjerne på butikkar o.l.). I tillegg aukar slike turar sjansen for ulykker, noko som vil belaste dei akuttmedisinske tenestene. Det må me unngå i størst mogleg grad dei neste månadane. 

Vær årvaken, hald dykk heime dersom de får symptom på luftvegsinfeksjon og ta kontakt med legetenestane ved behov.

Med helsing
Konstituert kommuneoverlege Stine Daldorff, rådmann Øyvind Valen og ordførar Gerd Helen Bø
 

 

 

Les vedtaket her:

1.    Formannskapet vedtek, med heimel i smittevernlova 4.1-e,  at alle verksemder som har arbeidsreisande inn og ut av Suldal må forholda seg til retningslinjene som ligg som vedlegg. Vedtaket gjeld til 7. mai 2020.

2.    Formannskapet oppmodar sterkt eigne innbyggarar til å:

  • Følgja råda frå FHI (link her)
  • Handla lokalt
  • Halda avstand – også ute i naturen. Me oppmodar alle til å finna stader utan stor trengsel. Er det mange på parkeringsplassen? ->Finn ein annan plass å gå tur denne dagen.
  • Unngå fritidsreiser.

3.    Formannskapet oppmodar innbyggarar frå andre kommunar om å nytta eigne turområde og vera forsiktige med å foreta dagsreiser til Suldal i denne perioden

Vedlegg:
 

Tiltak for bedrifter/ entreprenører som har arbeidsreisande ut og inn til kommunen
Suldal  kommune krev skriftlege rutinar som ivaretek smittefaren. Kvar bedrift/entreprenør må lage eigen rutine som ivaretek smittefaren på sin bedrift og på overnattingstadene bedrifta nytter. Punkta under skal som minimum omtalast i rutinane. Bedriftane/entreprenørane treng ikkje å sende inn plan til kommunen, men kommunen kan kome til å be om denne.
Link til hjelp/maler: https://www.bnl.no/
 
Beskriv den daglege drifta. 
•          Kva tiltak er gjorde? 
•          Korleis sikrar ein arbeidarar mot smitte utanfor kommunen/i heimkommunen? 
•          Korleis sikrar ein at smitte ikkje vert teke med inn til kommunen? 
•          Gjer ei nøye vurdering av behovet. Kan arbeidet utsetjast/løysast utan utreise/innreise? 
•          Unngå kontakt med lokalbefolkninga. 
•          Arbeid med smittevern skal gjennomførast på lik linje med anna sikkerheitskritisk arbeid.
 
Kontordrift
  • Personell som ikkje absolutt må vera på byggeplass for å utføre sine oppgåver skal arbeide via heimekontor. Personar som oppheld seg på byggeplass utan at dette er tvingande nødvendig, skal visast vekk og avviket skal rapporterast til hovudbedrift. 
  • Fordel kontorplassar slik at «tette arbeidssituasjonar» ikkje oppstår. Utnytt også møterom til kontor, og vurder om det må skaffast fleire brakker.
Fysiske møter
  • Fysiske møter skal i minst mogleg grad førekoma, dette bør løysast ved hjelp av digitale verkemiddel. 
  • I dei få tilfelle der fysiske møter er naudsynt, skal det ikkje vera meir enn 5 møtedeltakarar, og det skal vera ein minsteavstand på 2 m mellom deltakarane.
Garderobe og kvilerom
  • Begrens kor mange som kan bruke skifterommet samtidig. 
  • Tilrettelegg skift slik at personell kan nytte garderobar og kvilerom til ulike tider. 
  • Etabler ekstra strenge, og regelmessige reinhaldsrutinar, med fokus på kontaktpunkt.
Kantine og lunsj
  • Felles matordning/kantine skal ikkje nyttast. 
  • Tilsette bør ha matpakke medbrakt på arbeidsplass. 
  • Ikkje samle tilsette til felles lunsj, unngå store samla grupper og deling av drikke som vatn, kaffi og te. 
  • Bruk eingongskoppar. 
  • Sørg for at tørkepapir og/eller eingongshanskar er tilgjengeleg for å unngå hudkontakt ved bruk av kanner og mugger
  • Plasser ut oppslag om forebygging av slik hudkontakt. 
  • Etabler reglar for reingjering ved handvask/rens for alle som bevegar seg utanfrå og inn. 
  • Sørg for god handhygiene ved at handsåpe og tørkepapir er tilgjengeleg og blir etterfylt ved alle vaskar. 
  • Ekstra reinhald av skifterom med desinfisering av smittbare berøringsflater minst 2 gonger dagleg. 
  • Informer om Folkehelseinstituttet sine rettleiingar om smittevern.
Ekstra krav for vekependling
  • Det skal tilretteleggast for at tilsette kan halde minimum 2 meter avstand til ei kvar tid. 
  •  Vekependlarar skal ha minst mogleg kontakt med omverda og i størst mogleg grad opphalde seg på arbeidsstad/brakkerigg eller hotell.
  • Unngå å samle fleire tilsette på same stad, bruk digitale løysingar. 
  • Det skal opprettast ein korona-ansvarleg på kvar byggeplass som får i oppgåve å sjå til at reglane frå Folkehelseinstituttet og interne reglar vert følgde.
Gerd Helen Bø
Ordførar
E-post
Telefon 52 79 22 01
Mobil 414 73 037
Øyvind Valen
Rådmann
E-post
Telefon 52 79 22 21
Mobil 950 51 159