Forslag om utvida jakttid for elg og hjort

Miljødirektoratet har kome med forslag til forskrift om utvida jakttid for elg og hjort i kommunar på og rundt Hardangervidda, Suldal inkludert. 

Her foreslår dei å utvide jakttida ut januar 2022. Bakgrunnen er eit mål om å minske bestandstettleiken og dermed redusere risikoen for å spreie skrantesjuke (CWD) i Noreg. 

Du kan lesa Høyringsnotatet og koma med innspel til  forslaget på Miljødirektoratet sine høyringssider.  

Frist for innspel: 01.november 2021