Forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande heildøgnsplass

Det skal innførast nasjonale kriterier for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad.  Forskriftsendring frå 1. juli -17. 

Levekårsutvalet sender saka på høyring.  Endeleg vedtak i kommunestyret 19. sept -17.

 

Forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande heildøgnsplass

Rådmannen si innstilling

Levekårsutvalet sender saka på høyring. Endeleg vedtak i Kommunestyret 19.september 2017

 

Sand, 05.07.2017



Øyvind Valen
rådmann

 

Dokumentliste:

Saksopplysningar:

§ 11 Iverksetting og revidering av forskrifta.

Denne forskrifta trer i kraft 1. oktober 2017.

Forskrifta skal gjennomgåast og ved behov reviderast når nasjonale kriterier for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim og disposisjonsrett til tilsvarande bustad er vedtatt. Ved motstrid vil den nasjonale forskrifta gå framfor denne forskrifta.

 

Fakta

For å tydeleggjere retten til sjukeheimsplass eller opphald i tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester, er retten presisert i pasient- og brukerrettighetslova § 2-1 e fyrste ledd. Det går heilt klart fram av lova at pasient eller brukar har rett til eit slikt opphald dersom det etter ei helse- og omsorgsfagleg vurdering er det einaste kommunale tilbodet som kan sikra pasienten og brukaren naudsynt og forsvarleg helse- og omsorgstenester. Kommunens korresponderande plikt til å tilby slike tenester er presisert i helse- og omsorgstenestelova § 3-2 a første ledd. I desse tilfella må pasienten eller brukarane bli tildelt plass og kan ikkje settast på venteliste.

Ny § 3-2 a andre ledd i helse- og omsorgstenestelova inneber ei plikt for den einskilde kommune å utarbeide kommunal forskrift med kriterier for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad tilrettelagt for heildøgns tenester. Forskrifta skal omfatta pasientar og brukarar som er best tent med langtidsopphald, men kor kommunen vurderer at vedkomande med forvarlege tenester frå kommunen kan bu heime i påvente av langtidsopphald. Ved fastsetjing av forskrift må kommunane følgje forvaltningslova kapittel VII, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 2-2.

I pasient- og brukarrettigshetslova ny § 2-1 a andre ledd, er det bestemt at pasient og brukar som oppfyller kommunes kriterier, men som med forsvarleg hjelp kan bu heime i påvente av langtidsopphald, skal ha rett til vedtak. Vedtaket inneber at vedkommande er kvalifisert for langtidsplass og skal førast på venteliste. Ny § 3-2 a fjerde ledd i helse- og omsorgstenestelova pålegg kommunen å føra ventelister over pasientar eller brukarar som ventar på langtidsopphald.

Regjeringa ville innføra nasjonale kriterier for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad etter at det var hausta erfaring med dei kommunale kiterier og evaluering av forsøket med statleg finansiering av omsorgstenestene. Det er gjeve forskriftsheimel for å gje slike nasjonale kriterier i helse- og omsorgstenestelova § 3-2 a tredje ledd.

Desse forskriftane vart satt i kraft frå 1.juli 2016

Målet er få heile ordninga i kraft i løpet av 2017. Departementet har gitt kommunane frist til 1.juli 2017. Suldal kommune har tidlegare ikkje hatt behov for ventelister for tildeling av plass verken på sjukeheim eller for heildøgnsplass. Søkjarar har fått innvilga plass dersom behovet har vore til stades. Arbeidet med å laga kriterier har pågått våren 2017. Sjølv om Suldal kommune ikkje kan få vedtak i kommunestyret før september 2017, vil omsorg følgja tildelingskriterier som nevnt i saka frå 1.juli 2017.

Lover, føresegner, rundskriv

Den 13. juni 2016 vedtok Stortinget lovendringar i pasient- og brukarrettigheitslova om helse- og omsorgstenestelova om rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgnstenesteser – kriterer og ventelister. Grunnlaget for lovvedtaket er Prop. 99 L (2015-2016) og Innst.372 L (201-2016

Innkomne uttalar

Innkomne uttalar vil bli lagt ved sak til kommunestyret.

Vurdering og konklusjon

Forslag til forskrift

FORSKRIFT OM TILDELING AV LANGTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM ELLER TILSVARANDE BUSTAD SÆRSKILT TILRETTELAGT FOR HEILDØGNS TENESTER, KRITERIER OG VENTELISTER.

Heimel: Fastsett av Suldal kommune ved kommunestyret 13. september 2017 med heimel i lov 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. § 3-2 a annet ledd.

Kapittel 1. Føremål, lovgrunnlag, definisjonar, virkeområde og organisering.

§ 1 Føremål.

Føremålet med forskrifta er å betre rettsstillinga for pasientar og brukarar med omfattande behov for tenester, når det gjeld retten til helse- og omsorgstenester frå kommunen.

Forskrifta skal gjere tydeleg kva kriterier Suldal kommune legg til grunn for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester.

Forskrifta skal òg vise korleis Suldal kommune skal følgje opp personar som står på venteliste til slike opphald.

 

§ 2 Lovgrunnlag for tildeling av bu- og tenestetilbod.

Heimel for tildeling av langtidsopphald og helse- og omsorgstenester i sjukeheim er lov 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter § 2-1 a annet ledd og § 2-1 e første ledd, jf. lov 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-1 første ledd, § 3-2 første ledd nr. 6 bokstav c og § 3-2 a første ledd.

Heimel for tildeling av disposisjonsrett til tilsvarande bustad særskilt lagt til rette for heildøgns tenester er lov 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter § 2-1 e første ledd, jf. lov 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-1 første ledd og § 3-2 a første ledd.

Heimel for tildeling av helse- og omsorgstenester i bustad som nemnd i første setning er lov 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter § 2-1 a annet ledd, evt. også § 2-1 d, jf. lov 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-1 første ledd, jf. § 3-2 første ledd nr. 6 bokstav a og b, og/eller § 3-2 første ledd nr. 5, evt. også § 3-8.

§ 3 Definisjonar.

Med sjukeheim meiner ein helseinstitusjon som fell inn under forskrift 16. desember 2011 nr. 1254 om kommunal helse- og omsorgsinstitusjon § 1 bokstav d og e og § 2. Bustad for heildøgns omsorg og pleie som er likestilt med sjukeheim etter forskrift 14. november 1988 nr. 932 for sjukeheim, og bustad for heildøgns omsorg og pleie omfattast og av omgrepet sjukeheim. Andre institusjonar for personar som har omfattande behov for helse- og omsorgstenester (omsorgsbustader i bufellesskap og barnebustader) vil difor ikkje falle inn under omgrepet sjukeheim i denne forskrifta. Med langtidsopphald meiner ein opphald i sjukeheim på ubestemt tid.

Med tilsvarande bustad særskilt lagt til rette for heildøgns tenester vert meint bustader der:

    • buarane sine behov for tenester til vanleg er så stort at det kan samanliknast med tenestebehovet som bebuarar i sjukeheim har,
    • det er mogleg å gi døgnkontinuerlege tenester,
    • det er mogleg å føre tilsyn med brukarane på same måte som i sjukeheim,
    • det er mogleg å få tenester frå helse- og omsorgspersonell med den kompetansen som personalet til vanleg har i sjukeheim,
    • det er mogleg å tilkalle hjelp, og responstida før personalet kan kome til bustaden er lik som i sjukeheim, og som
    • kommunen tildeler disposisjonsrett til.

§ 4 Virkeområde.

Forskrifta gjeld for pasientar og brukarar som oppheld seg i Suldal kommune, jf. lov av 24. juni 2011 nr. 30 § 3-1 første ledd. Forskrifta gjeld i tillegg for pasientar og brukarar som har konkrete planar om å flytta til kommunen, og som har eit så omfattande tenestebehov at det er naudsynt at bu- og tenestetilbodet er avklart før flytting.

Forskrifta gjeld for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim og bustader som gir eit tenestetilbod som svarar til det som blir gitt i sjukeheim. I tillegg disponerer kommunen plassar i sjukeheim som er rekna til kortvarige opphald og bustader der det til vanleg ikkje ytast eit tenestetilbod som er svarande til det som blir gitt i sjukeheim.

Kommunen kan etter individuell vurdering, gi tilsvarande tenester som til vanleg blir gitt i sjukeheim, i pasientens eller brukarens eigen heim.

§ 5 Ansvar og mynde.

Kommunestyret i Suldal gir rådmannen delegert mynde i saker om tildeling av tenester innan pleie og omsorg. Rådmannen kan vidaredelegera myndet i organisasjonen. Den som har vedtaksmynde fattar enkeltvedtak om opphald i helseinstitusjon eller bustad med same tenester. Dette gjeld alle slike plassar i Suldal, utanom øyeblikkeleg- hjelp-døgnseng (ØHD).

Enkeltvedtak vert gjort ut frå pasienten eller brukaren sin helsetilstand og elles kriteria nemnt i § 6 og § 7 i denne forskrifta. Blir helsetilstand eller dei andre kriteria endra, kan det gjerast ei ny vurdering og eventuelt eit nytt vedtak.

Rådmannen har gjennom enkeltvedtak om bu- og/eller tenestetilbod instruksjonsmynde over tenesteutførande organisasjonsledd, medrekna sjukeheim.

Kapittel 2. Kriterier for tildeling.

§ 6 Kriterier for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim og tilsvarande bustad, og for å stå på venteliste til slike bu- og tenestetilbod.

Brukar har rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad om det etter ein helse- og omsorgsfagleg vurdering er det einaste tilbodet som kan sikre pasienten eller brukaren nødvendige og forsvarlege helse- og omsorgstenester.

Om pasient eller brukar får tildelt langtidsopphald i sjukeheim, eller disposisjonsrett til tilsvarande bustad, og kva slag bu- og tenestetilbod som i så fall blir tildelt, blir gjort gjennom ei vurdering av følgjande moment:

    • kor omfattande behovet for helse- og omsorgstenester er,
    • lengda av hjelpebehovet, medrekna om kvardagsrehabiliteringstiltak er aktuelt,
    • kva type helse- og omsorgstenester det er behov for,
    • kva fagleg kompetanse som trengs for å gi forsvarlege tenester sett i samanheng med tilgang på helse- og omsorgspersonell med naudsynt kompetanse,
    • om det er naudsynt med hyppige tenester og tilsyn gjennom heile døgnet, pasienten eller brukaren sin evne til sjølv å tilkalla hjelp ved behov,
    • pasienten eller brukaren sin evne til sjølv å tilkalla hjelp ved behov,
    • pasienten eller brukaren sitt behov for sosial kontakt og opplevd tryggleik ved at det er nærleik til helse- og omsorgspersonell,
    • om pasienten eller brukaren er i målgruppa for det aktuelle bu- og tenestetilbodet,
    • om pasienten eller brukaren har kognitiv svikt, og kor alvorleg den kognitive svikten er,
    • om pasienten eller brukaren utan endring av busituasjonen risikerer å komma til skade eller å få sin helsetilstand eller funksjonsevne forverra, og om flytting kan verke skadeførebyggjande eller gjere at det blir mogleg for brukaren å betra si helse eller funksjonsevne,
    • om alternativ til bu- og tenestetilbod i sjukeheim eller tilsvarande bustad er aktuelt, som helse- og omsorgstenester i heimen, dagtilbod, korttidsopphald i sjukeheim, opphald i omsorgsinstitusjon, tilrettelegging av heimen eller omgivnadane, hjelpemiddel og tekniske løysingar,
    • pasienten eller brukaren sitt nettverk,
    • omsynet til personar pasienten eller brukaren bur saman med, medrekna om avlastingstiltak er forsøkt eller vurdert,
    • om pasienten eller brukaren er til fare for andre eller det er fare for materielle skader,
    • kommunens organisering av helse- og omsorgstenestetilbodet og
    • om geografiske tilhøve eller tilhøve ved heimen gjer det lite hensiktsmessig å gje tenester der.

 

Avgjerande for om pasient eller brukar straks får langtidsopphald i sjukeheim eller disposisjonsrett til tilsvarande bustad, eller om han/ ho får enkeltvedtak om å stå på venteliste til slikt bu- og tenestetilbod, er følgjande:

    • om det er ledige plassar i det aktuelle bu- og tenestetilbodet og
    • kor mykje det hastar for pasienten eller brukaren å få eit anna bu- og tenestetilbod enn han/ ho har i dag.

 

§ 7 Kriterier knytt til pasienten eller brukaren sine ønske.

For at saka skal være tilstrekkeleg utgreidd, må det vere gjennomført eit møte e.l. med pasienten eller brukaren og/eller partsrepresentanten med følgjande føremål:

    • å kartlegge pasienten eller brukaren sitt behov for helse- og omsorgstenester,
    • å få samtykke frå pasienten eller brukaren til å innhente opplysingar som er naudsynt for saksutgreiinga,
    • å gje pasienten eller brukaren den informasjon og rettleiing for at vedkommande sjølv skal kunne ta vare på sine interesser i saka, medrekna informasjon om betaling, jf. denne forskrifta § 9 tredje ledd, og
    • å få vite om ønskje pasienten eller brukaren har etter at informasjon er gitt, medrekna om det er pasienten eller brukaren sjølv eller partsrepresentanten som har gitt uttrykk for disse ønska.

 

Pasienten eller brukaren har rett til å velje å la vere å ta imot tilbod om langtidsplass eller bustad, med mindre vilkåra i lov 2. juli 1999 nr. 63 kapittel 4A er oppfylt. Pasienten eller brukaren mister ikkje retten til å stå på venteliste ved å takke nei til eit tilbod som kommunen gir.

 

Kapittel 3 Rett til enkeltvedtak og oppfølging av pasientar eller brukarar.

§ 8 Oppfølging av pasientar eller brukarar på venteliste.

Pasientar eller brukarar som blir vurdert til å ha behov for sjukeheimsplass eller tilsvarande bustad, får vedtak om det. Er det ikkje ledig eigna plass, får pasienten eller brukaren samstundes vedtak om å stå på venteliste til slik plass blir ledig. Dei helse- og omsorgstenestene som gis i ventetida, skal til ein kvar tid vere forsvarlege.

Bestillarkontoret og tenesteytarar skal til ei kvar tid følge med på utviklinga av behovet hos dei pasientane og brukarane som står på ventelista.

Pasient eller brukar som har fått vedtak om å stå på venteliste, må difor rekne med at pasientar eller brukarar med størst behov blir prioritert først, og det gjeld ingen tidsfrist for når eit tilbod om bu- og tenestetilbod seinast skal givast.

 

Kapittel 4. Betaling, klage og iverksetting av tenester.

§ 9 Betaling.

Eigenbetalinga for helse- og omsorgstenester i sjukeheim eller tilsvarande bustad føljer reglane i forskrift 16. desember 2011 nr. 1349 om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester i institusjon. Forskrifta har heimel i lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. av 24.juni 2011 nr. 30 11-2.

§ 10 Klage.

Ved klage på enkeltvedtak om langtidsopphald i sjukeheim eller om å stå på venteliste til langtidsopphald i sjukeheim, helse- og omsorgstenester i eller utanfor sjukeheim gjeld reglane i lov 2. juli 1999 nr. 63 om pasient og brukerrettigheter kapittel 7. Ved klage på enkeltvedtak om tildeling av tilsvarande bustad gjeld reglane i lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker § 28.

Vedtak kan klagast inn for fylkesmannen, jf. pasient- og brukar-rettslova § 7-2. Ei klage på vedtak skal vere skriftleg. Den rettast i første omgang til bestillarkontoret i Suldal. Dei tar saka til ny vurdering. Om ikkje klagar får medhald, skal dei sende saka vidare til fylkesmannen utan ugrunna opphald.

Klagefrist er 4 veker, og det skal gå fram av vedtaket.

Helsedirektoratet er overordna forvaltningsorgan og kan gjere om vedtak utan klage, jf. lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker § 35.

 

Eldrerådet - 014/17

ELDR -
handsaming:

 

 

 

ELDR: vedtak

 

 

 

Råd for funksjonshemma - 013/17

RÅDF -
handsaming:

Samrøystes vedtak i samsvar med innstillinga.

 

 

RÅDF: vedtak

Rådmannen si innstilling

Levekårsutvalet sender saka på høyring. Endeleg vedtak i Kommunestyret 19.september 2017.

 

 

 

 

Fann du det du leita etter?