Forskrift om bandtvang på hund -Høyring

LMT-utvalet vedtok i sak 020/17 å leggje «Forskrift om bandtvang på hund, Suldal kommune (PDF, 419 kB)» ut på høyring.
Kommunen si mynde til å innføre slik forskrift er heimla i Hundelova av 4. juli 2003 nr. 74.

Suldal kommune er oppmoda til å innføre forskrift om bandtvang etter uheldige hendingar med laushund som jagar sau på beite.
Utvida bandtid er føreslått i heile kommunen der det går sau på beite frå 20. august til 31. oktober.

 

 

Eventuelle merknader eller innspel kan sendast på e-post til

postmottak@suldal.kommune.no eller i brev til Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand.

Høyringsfrist: 24. april 2017.

 

Fann du det du leita etter?