Forskrift om bandtvang på hund - 2. gongs høyring

LMT-utvalet vedtok i sak 053/17 (PDF, 428 kB) å leggje «Forskrift om bandtvang på hund, Suldal kommune (PDF, 224 kB)» ut på ny høyring då det kom inn nye moment etter 1. gongs behandling.

 

Suldal kommune er oppmoda til å innføre forskrift om bandtvang etter uheldige hendingar med laushund som jagar sau på beite.
Utvida bandtid er føreslått i heile kommunen der det går sau på beite frå 20. august til 31. oktober.

Nye moment er bandtvang i oppkøyrde skiløyper, anlegg for leik, idrett og sport heile året.

Kommunen si mynde til å innføre slik forskrift er heimla i Hundelova av 4. juli 2003 nr. 74.

Eventuelle merknader eller innspel kan sendast på e-post til

postmottak@suldal.kommune.no eller i brev til Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand.

Høyringsfrist: 4. september 2017.

 

Fann du det du leita etter?