Forlenga straumstøtteordning for frivillige organisasjonar

Som følgje av dei ekstraordinære straumprisane vidareførar regjeringa tilskotsordninga for frivillige organisasjonar til og med mars 2023. 

Om ordninga

I tilskotsperioden desember 2021 - mars 2022 forvalta kommunane ordninga. Regjeringa har no beslutta å forlenga tilskotsordninga til og med mars 2023, og vedteke ny forskrift for fordeling av tilskot.  Vidare vil tilskotsordninga no forvaltas av Lotteri- og stiftelsestilsynet. 

Kven kan søka?

Tilskotsordninga gjeld organiasjonar i prisområde med månadleg snittpris på over 70 øre pr. kWt.

  1. Verksemd som er registrert i Frivillighetsregisteret
  2. Verksemd som ikkje er registrert i Frivillighetsregisteret kan søkja dersom eigare/medlem med bestemmande mynde er registrert.
  3. Andre frivillige verksemder som ikkje dekkast under 1. og 2. kan motta stønad dersom verksemda drivast av frivilleg arbeid kor det ikkje er høve for privatpersonar eller kommersielle føretak å oppnå økonomisk vinning frå verksemda. Frivillig arbeid tolkast som arbeid utan løn eller anna for for økonomisk godtgersle. 

Søkjar må ha organisasjonsnummer.

Søknad og frist

Ein søkar straumstøtte kvart kvartal. Lenke til søknadsskjema og informasjon om fristar vert publisert på www.regjeringen.no og www.lottstift.no medio august. 

Les meir informasjon om straumstøtteordninga for frivillige organisasjonar

Les forskrift for straumstøtte for frivillige organisasjonar