Forbod mot å bruke mineralolje til oppvarming av bustad

Frå og med 2020 vil det vere forbode å bruke oljefyring til oppvarming av bustad. Hensikta er å redusera utslepp av klimagassar.

Forbodet vil gjelde for alle bustader og bygningar i Noreg, men med nokre unntak. I fritidsbustader og hytter utanfor straumnettet vil det framleis vere tillat å bruke fossil fyringsolje og parafin. Det same gjeld for industribygningar. For driftsbygningar i landbruket gjeld unntak frå forskrifta fram til 1. januar 2025.

Kommunen kan i nokre tilfelle, etter søknad, gjere unntak frå forbodet. Dette kan til dømes vere at når forbodet får utilsikta konsekvensar, medfører urimeleg høye kostnadar eller viser seg å være teknisk svært utfordrande å overhalde.

Miljødirektoratet og NVE har gitt ut ein vegleiar som rettar seg mot dei som er direkte omfatta av forbodet, dvs. eigar og brukar av fyringsanlegg, og andre som er pålagt plikter i forskrifta, som nettselskap og dei som omsettar mineralolje. Vegleiaren finn du her.