Finale i Ryfylkequiz 2022

Suldal kommune er vertskap for finalen i Ryfylkequiz 2.juni

Me gler oss til å ønska 9 lag velkomne til den store finalen med spenning til siste slutt!

Finalen finn stad på Kulturhuset i Suldal kl.12.00.


Du kan følgje sendinga digitalt her.

Om Ryfylkequiz

Kvar vår dei siste åra har Ryfylkealliansen reist rundt til dei ulike ungdomsskulane i Ryfylke med mål om å læra 8. klassingane om Ryfylke. Om historia til Ryfylkeregionen, geografi, kultur, politikk, identitet og så vidare. Og så har me testa ungdommane ved hjelp av quiz etterpå. Først på kvar skule, og så i ein stor ryfylkefinale der kvar skule er representert med eit lag på tre elevar.
Og jammen kan dei mykje, 8. klassingane!

Hjelmeland Sparebank er med på laget, og deler ut pengepremiar til dei tre beste laga. I vår er det sjuande året at ryfylkequizen blir arrangert. Covid-19 tvinga fjorårets skulefinale på direktesending. Direktesendinga vart verkeleg ein suksess – ein suksess me fortsettar i år! 

Kva må ein kunna?

For at 8.klassingane skal kunne forberede seg godt til Ryfylkequizen, får dei utdelt eit pensum med fakta om Ryfylke. Det skyhøge nivået ungdommane har vist på Ryfylkequizen dei siste åra gjer at årets pensum er større og vanskelegare en nokon gong!

Vil du sjå kva våre dyktige 8.klassingar må kunne i år? Eller vil du berre lære meir om Ryfylke? Her er pensum til Ryfylkequiz 2022.

Sjå årets finalistar her.