FEIING I SULDAL KOMMUNE 2017

Suldal kommune v/brannvesenet legg i år opp til feiing av heilårsbustadar (ikkje hytter) i veke 23, 24 og 25 og oppstart 6.juni i Brattlandsdalen og Nesflaten.

Det vil i år bli feia hjå dei med adresser i Suldal kommune:

4244 Nesflaten, 4240 og 4237 Suldalsosen, Vasshus 4230 Sand(ner til Juvet), 4134 Jøsenfjorden, 4235 Hebnes(Ropeidhalvøya), 4208 Saudasjøen (Vintraleå) og 4209 Vanvik.       

Det vil også no bli feia sjølv om huseigar ikkje er heime og det er difor viktig at feieluke, ovnstrekk evt. peisspjeld er steng. Dersom dette ikkje er gjort kan ein risikere at huset/ leilegheita blir nedsota. Kommunen er fri for ansvar dersom dette skjer.

Det er huseigar sitt ansvar å halde stige til feiaren. Stigen skal ikkje setjast opp men leggjast slik at den er lett synlig. Feiaren vil ikkje ha med seg stige når han reiser rundt. Fram til pipa skal det vera stigetrinn eller stige som er festa på taket på forsvarleg måte. Dersom dette ikkje vert gjort vert ikkje pipa feia men huseigar blir fakturert som om pipa har blitt feia.

Når feiaren har gjort arbeidet vil det bli skreve ut kvittering for utført arbeid.

Huseigar vil i år bli varsla med sms(melding på mobil) eller talemelding på telefon om ca tidspunkt for feiing. Informasjon blir og lagt ut på heimesida til Suldal kommune og Facebook.

Feiaren er å treffa på telefon 901 32 164 mellom 07.00 – 08.00 og 15.00 – 16.00 i denne perioden.

 

Morten Aarhus

-brannsjef-

Fann du det du leita etter?