Er du ung og satsar innan kultur eller idrett?

Då kan du søkja på kulturstipend.

Kulturstipendet er på kr 15 000. Det skal nyttast på ein måte som vil koma kulturarbeidet i kommunen til gode. Unge, lovande kunstutøvarar, idrettsutøvarar og aktive kulturarbeidarar på andre felt – som bur i eller er frå Suldal – kan søkja om stipend.

Skriftleg, grunngjeve forslag på kandidat til kulturpris og søknad om kulturstipend må vera kulturkontoret i hende innan 6. november 2020. Send inn på epost til postmottak@suldal.kommune.no