Ellen Gundersen Husebø, vår nye IT-sjef i RITS (Ryfylke IT Samarbeid)

Ellen Gundersen Husebø er tilsett som ny IT sjef for Ryfylke IT samarbeid (RITS). Det var totalt sju søkarar til stillinga. Kommunane Strand, Hjelmeland, Suldal og Sauda har sidan 2006 hatt felles IKT-samarbeid og felles IKT-plattform.

Her kan du bli litt betre kjent med Ellen:


Kva skal Klikk for stort bileteEllen Gundersen Husebø du ha ansvar for i RITS, og kvifor søkte du på jobben?

Eg skal ha ei nøkkelrolle i å etablera RITS som ein organisasjon i samarbeid med IT-Styret. Deretter blir det viktig å setja retning med forankring i nasjonale og kommunale føringar og vere ein proaktiv pådrivar for omstilling og digitalisering i dei 4 kommunane.

Eg får også æra av å leie eit IKT-team som i dag er lokalisert i dei ulike kommunane og forvaltar oppgåver innanfor IKT- Drift og Utvikling/Digitalisering. Eg ser virkeleg fram til å bli betre kjent med dei og få innblikk i hva de jobber med.

Vidare skjer samhandling og samstyring med representantene i IT-Styret som igjen representerer de respektive kommunene Sauda, Suldal, Hjelmeland og Strand, for å sikra at me er på rett veg og samtidig fange opp nye moglegheiter og forbetringspotensialer.

Eg synes at moderniseringsløpet som har starta i offentleg sektor er utruleg spanande, og eg ser fram til å kunna bidra. Det er komplekst det som skjer og kanskje skummelt for nokon. Omstillinga vil berøra oss alle anten me vil det eller ei, på ein eller annan måte. Det er ein naturleg del av den teknologiske utviklinga som me ikkje klarar å stoppa.

Kva har du gjort tidlegare?

Eg kjem fra stillinga som med-gründer og rådgivar i Tangofy AS der me har jobba med digitalisering. 
Me har gjennom 4 år designa og bygga eit system for aukt samhandling og digital omstilling for Den Digitale Leder.

Før Tangofy jobba eg som rådgivar, IT- Leiar og som seljar av IKT-løysningar.

Kva er kvardagslukke for deg?

For meg er det gode møte med menneske i og utanfor jobb, tilbringa tid med familien, læra nye ting, ut på tur i fjellet, skog og mark, ein god kopp kaffe, trening for å nemna nokre.

 

Me ønskjer Ellen hjarteleg velkomen til oss!