Eldsjelpris og kulturstipend - Frist 20.oktober

Eldsjelpris

For andre gong skal Eldsjelprisen i Suldal delast ut. Har du ein kandidat?
Prisen kan delast ut til ein person som har gjort ein betydingsfull, ueigennyttig og frivillig innsats i lokalmiljø, til glede og nytte for andre, anten innanfor frivillig organisasjonsliv eller som privatperson.

Kulturstipend

Er du ung, lovande eller begge delar? Då kan du søkja om Kulturstipend. Kulturstipendet er på kr 15 000, og skal nyttast på ein måte som vil koma kulturarbeidet i kommunen til gode. Kunstutøvarar, idrettsutøvarar og aktive kulturarbeidarar på andre felt – som bur i eller er frå Suldal – kan søkja om stipend. 

Handsaming

Levekårsutvalet vurderar saka, men før det, treng me innspel på gode kandidatar til Eldsjelprisen, og gode søkjarar til kulturstipend.

Innspel med grunngjeving sendast til postmottak@suldal.kommune.no

Søknad med grunngjeving på kvifor du fortener kulturstipendet til postmottak@suldal.kommune.no

Frist for innspel og søknad: 20. oktober

Aud Marit Hauge
Administrativ leiar
E-post
Telefon 52 79 22 68
Mobil 992 93 914