Digital postkasse

Frå februar 2017 mottar du post frå Suldal kommune i di digitale postkasse. Her kan du lesa meir om korleis du opprettar digital postkasse frå Digipost eller e-Boks på www.norge.no.

Ein stad for digital post frå det offentlege

Skaffar du deg digital postkasse hjå Digipost eller e-Boks vil du sjå at stadig fleire offentlege verksemder vil sende post der. Da treng du berre å forhalda deg til ein felles digital postkasse frå det offentlege. Dessutan finn du posten din raskare fordi du slepp ordinær postgong, posten blir lagra på eit og same stad, og vernar miljøet.

Ditt trygge arkiv

Vanleg e-post er ikkje ein sikker måte å sende meldingar på. Det er tryggare og enklare å motta post digitalt frå det offentlege når du har digital postkasse frå Digipost eller e-Boks. Du brukar ID-porten til innlogging for å lese din digitale post, og breva i postkassa kan lagrast der så lenge du ynskjer.

Vel digital postkasse på norge.no

Du kan velga mellom to postkasser – Digipost eller e-Boks. På same måten som du kan velje mellom ulike bankar og forsikringselskap skal du enkelt velje den postkassa som passar best for deg. Når du mottar digital post frå Suldal kommune vi du få eit varsel på SMS eller e-post. Da veit du alltid når du har motteke noko. Les meir om korleis du opprettar di digitale postkasse hjå Digipost eller e-Boks på www.norge.no.

Gradvis overgong til digital kommunikasjon

I tida som kjem vil du oppleva å få post på papir frå det offentlege sjølv om du har oppretta ei digital postkasse. Det er fordi det vil ta ei tid før alle offentlege verksemder har tatt i bruk digital postkasse for alle tenestene sine.

Kva skjer om du ikkje skaffar deg digital postkasse?

Dei som ikkje har ei digital postkasse hjå Digipost eller e-Boks vil motta posten elektronisk i si meldingsboks i Altinn.no. Post som ikkje er opna i Altinn.no innan 2 verkedagar blir sendt på papir.

Du kan reservera deg mot kommunikasjon på nett. Da vil du framleis få post frå det offentlege på papir. Les meir på www.norge.no/reservasjon.

Fann du det du leita etter?