Digihjelp til innbyggarar i Suldal

Kjenner du at dagleglivet har blitt vanskeleg på grunn av "digitalisering"?

Kommunen startar tilbod om opplæring og rettleiing til dei som vil beherska det digitale daglegliv.

Det vert kurs og rettleiing i mindre grupper. Du vil læra å bruka pc, nettbrett eller smarttelefon, generell bruk av internett, e-post og sosiale media. Du  vil også få opplæring i å bruka dei vanlegaste nettstadene som det offentlege formidlar informasjon via, som altinn.no, skatteetaten.no og nav.no. Ein vil også læra å nytta nettbank og andre betalingsmåtar digitalt. 

Les meir om tilbodet og korleis du kan melda deg interessert.