DETALJREGULERING FOR SANDANESET SØR, JELSA, planid 201703, - OFFENTLEG ETTERSYN

Suldal kommune har i møte den 21.11.2017, sak 097/17 gjort vedtak om å legge framlegg til detaljplan  for Sandaneset Sør, Jelsa ut på offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10.

 

Føremålet med detaljplanen er å legge til rette for bustadføremål med tilhøyrande vegtilkomst, leikeplassar, friluftsføremål med turvegar med meir. Det er lagt til rette for 23 nye bustadtomter og 1 tomt for oppføring av leilegheitsbygg. Føresegnene skal sikra ei variert opparbeiding av leike- og friareala som legg til rette for variert bruk og fleire ulike aktivitetar.

Saksdokumenta finn du her:

 

Eventuelle merknader må sendast skriftleg til Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand eller på e-post til postmottak@suldal.kommune.no innan 1. februar 2018.

Fann du det du leita etter?