Detaljplan for Hylsfjorden småbåthamn, gnr. 81 bnr. 1 -offentleg ettersyn, planid 201902

Suldal kommune vedtok i møte 19.11.2019, sak 099/19 at framlegg til detaljplan for Hylsfjorden småbåthamn på gnr. 81 bnr.1 skal leggast ut til offentleg ettersyn i samsvar § 12-10 i plan- og bygningslova.

 

Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for bygging av småbåthamn i Drarvik på nordsida av Hylsfjorden. Området i sjø er sett av til småbåthamn i gjeldande kommuneplan for 2015-2024.

Saksdokumenta finn du her:

Vedlegg 37 Reguleringsplan Drarvikneset reguleringsføresegner -planid 060614 (PDF, 2 MB)

Eventuelle merknader må sendast skriftleg til Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand eller på e-post til postmottak@suldal.kommune.no innan 27. mars 2020.