Det ligg an til rekordhøg busetting av flyktningar i Suldal

I dette arbeidet skal heile kommunen og alle tenesteområda våre med. Suldal skal ta i mot 90 flyktningar, men det endelege talet er usikkert.

Kommunalt vedtak om busetting

Suldal kommune vedtok i ekstraordinært kommunestyremøte 30. mars å ta i mot 90 flyktningar i 2022. Kommunen arbeidar no med å busetta konkrete personar. Talet på 90 flyktningar til Suldal har utgangspunkt i UDI sin prognose som seier at 30 000 vil komma til Noreg frå Ukraina i år, medan 5 000 kjem frå mellom anna Syria, DR Kongo, Eritrea, Sudan og Sør-Sudan. Talet på flyktningar frå Ukraina er veldig usikkert og UDI har i ettertid anbefalt at Noreg nyttar 60 000 flyktningar frå Ukraina som anslag i planlegginga. Det er mogleg at Suldal og andre kommunar blir oppmoda om å ta i mot fleire seinare i år, men oppmodingstalet er heller ingen garanti for talet som faktisk blir busette i kommunen. Ein veit altså framleis ikkje kor mange som kjem til Suldal, når dei kjem, kva livssituasjon dei er i eller kva nasjonalitet dei har, men signala frå statleg hald er at busettinga skal komma raskt i gong. Regjeringa føreslår òg endringar i lov- og regelverket på mange område for å handtera flyktningsituasjonen. 

Planlegg for det uvisse

Suldal kommune planlegg for å busetta 90 flyktningar, så langt det er mogleg i denne uvisse situasjonen. Auka ressursar innan aktuelle delar av det kommunale tenestetilbodet er vedteke og dialog er oppretta med næringslivet, frivilligheita og grendautvala om korleis alle aktørar i kommunen kan bidra i busettinga. Innmelde bustadar frå private utleigarar har blitt vurderte og kommunen vil inngå kontraktar med nokre utleigarar. Med 90 flyktningar vil det bli aktuelt å busetta i dei fleste av grendene i kommunen, men ein vil konsentrera seg om ei grend om gongen basert på ei vurdering av bustadsituasjonen, skyss, kapasitet i barnehage og skule og behova til dei som blir busette. Kommunen ønsker samarbeid med grendautvala og vil saman med dei kalla inn til opne møte om busettinga etter kvart som den tar til i dei ulike grendene. 

Busettinga startar på Sand og på Jelsa

Med utgangspunkt i kartlegginga av bustadar som er gjennomført fram til no, vil kommunen starta busettinga på Sand og på Jelsa.  Jelsa Grendautval og Suldal kommune vil invitera til ope møte om busettinga på Jelsa i informasjonsmøte 24.mai kl.19.00 - 20.30. Møte vert halde på Jelsa Hotell.

Suldal kommune og Sand grendautval har hatt tilsvarande møte på Sand. 

Suldal kommune ønsker framleis meldingar 

I arbeidet med busetting og integrering av flyktningar, spesielt i det omfanget som det no ligg an til, er kommunen avhengig av at heile samfunnet er med. Privatpersonar, lag, organisasjonar og bedrifter har alle sine rollar som kan fylla ut det som det offentlege kan tilby. Engasjementet for Ukraina er sterkt og forståeleg, men det trengst også for flyktningar med annan bakgrunn og i åra framover. 

Meld inn tilgjengelege bustadar via dette skjemaet. 

Meld inn frivillige bidrag i form av innsats og gåver hos Suldal Frivilligsentral.