Besøk på Suldal sjukeheim, Vinjarheim og Suldal bu og aktivitet

Det er framleis ikkje noko som tyder på høgt smittetrykk i Suldal, men det kan sjå ut som om det er aukande. Me er særleg opptatt av å unngå smitte inn i husa våre som har heildøgns omsorg; Sjukeheimen, Vinjarheim og Suldal bu og aktivitet.

Her ber me om at brukarar og tenestemottakarar normalt ikkje har fleire enn ein eller to faste besøkande dei neste to vekene. Dette gjeld sjølvsagt ikkje når det gjeld bebuarar som er alvorleg sjuke. Me håper på forståing for dette, og tiltaket vil bli fortløpande vurdert.