Suldal kommune gjorde vedtak i møte 09.02.2023, sak 009/23 om å legge detaljplan for Sand vassverk, Hønesteg ut på offentleg ettersyn. 

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for ny hovudvasskjelde for drikkevatn på Sand. Detaljplanen skal sikra område for offentleg vassverk med tilhøyrande område for nedslagsfelt. Sikringssonane skal vere med på å hindre at drikkevatnet vert forureina.

Plandokumenta finn du her:

Saksdokument i arealplaner.no

 

Suldal kommune tilbyr gode ordningar for støtte til energieffektiviserande tiltak. Fleire har nytta seg av ordninga, og det er definitivt støtte til varmepumpe luft til luft suldølen og hyttesuldølen har nytta seg mest av. Her er status per 02.03.23. 

Ønskjer du å søkje om støtte til tiltak? Klikk her for å koma vidare til informasjonssidene våre. 

God økonomistyring og auka kraftinntekter gjer at Suldal kommune kan leggja fram eit betydeleg høgare netto driftsresultat enn budsjettert. Førebels rekneskap syner at Suldal kommune fekk eit netto driftsresultat på omlag 264 mill. kroner i 2022. Dette utgjer om lag 28 prosent av driftsinntektene.

Dette er eit gratis tilbod til deg som ønskjer å bli tryggare på korleis du bruker pc og mobil i kvardagen. 

Suldal i vårdrakt er flott, og fleire ser fram til å nytta heia denne våren. Hydro Energi kjem med viktig informasjon til alle som skal ferdast i reguleringsområdet Røldal og Øvre Suldal. 

No startar me arbeidet med riving av noverande sjukeheim og bygging av nye Suldal sjukeheim. Hovudparkeringa til Helsetunet vil bli riggplass, og du kan difor ikkje parkera her i byggeperioden. 
 

1. mars er fristen for å søkja ny barnehage- eller SFO-plass, eller å endra den plassen du allereie har. 

Du kan søkja her.

Ordningane som no er opna opp er:

  • Støtte til andre energieffektiviserande tiltak for private
  • Støtte til innovative energieffektiviserande prosjekt for næringsliv, lag/organisasjonar og sameige/burettslag

No blir det rimeligare med SFO for 1. og 2. klasse. Regjeringa har vedteke at tilbodet om gratis 12 timar SFO for førsteklassingar skal utvidast til å også gjelda 2. klassingar frå og med skuleåret 2023-24. 

Til deg som er tidlegpensjonist, turnusarbeidar eller har jobb på sjø men innimellom set føtene på land. Til deg som i tillegg trivst med barn og unge, og kunne tenka deg å gjera ein skilnad i unge sitt liv.