Frå 01. november 2020 tek Skatteetaten over ansvaret for skatteoppkrevjaroppgåvene som kommunen har i dag. Etter denne datoen er det ikkje lenger skatteoppkrevjar i Suldal kommune.

Kommunestyret i Suldal kommune vedtok tysdag å tilsetja Karin Dokken Austvik (49) som ny kommunedirektør.

 

Suldal kommune har tatt i bruk digital signering av avtalar. Me brukar Difi sin signeringsportal med Posten som avsendar.

Rv 13 er livsnerva i Suldal. Vegen er skuleveg, arbeidsveg og ein viktig veg for næringslivet vårt. Me treng ein trygg veg for skuleborna våre og for alle vegfarande.

Det er gjennomført ei kartlegging av relevante miljø- og brukarinteresser knytt til reguleringane. Dette gjeld for fagtema 1) fisk, 2) villrein, 3) landskap, friluftsliv og reiseliv og 4) kulturminne. Rapportane peikar blant anna på forbetringspotensial og føreslår avbøtande tiltak. 

 

Valnemda har gjort slik innstilling til verv som meddommar for perioden 01.01.2021 - 31.12.2024.

Det er vedtatt ny bestandsplan for Setesdal Ryfylke villreinområde (2019-2023). Planen skal bidra til ei bærekraftig forvaltning av villreinen med omsyn til bestandstorleik og bestandsutvikling.

For å tilby våre kundar utsending av faktura i fleire digitale format, har Suldal kommune tatt i bruk nytt verktøy til fakturautsending. Endringa skjer frå og med oktober månad.