5 nye stadfesta tilfelle ved Toppvolley 04.11

Suldal kommune har no mottatt informasjon om at 5 nye elevar ved Sauda vgs, avdeling Sand ( ToppVolley) har testa positivt for koronavirus i går kveld. Personane er no i isolasjon. 

Status er at 14 elevar og ein vaksen har testa positivt. 

Informasjonen smittesporingsteamet har fått tyder på at også dette er kjend smitteveg. 
Smittesporingsteamet og personane har i samarbeid jobba med å få oversikt over kven som er nærkontaktar. Alle nærkontaktane har no blitt kontakta og fått informasjon om kva råd dei skal følgja. 

Suldal kommune har i samråd med FHI starta med jamnleg testing av elevane to gonger i veka med hurtigtest. 
Arrangement i helga med Volleyball- kampar er utsatt inntil smittesituasjonen er avklart. 
Suldal kommune har dialog med Sauda kommune og  løpande kontakt med FHI og Sauda vidaregåande skule. 

Det er no til saman 50 personar som har testa positivt for koronavirus i Suldal kommune, 15 den siste veka.

Med bakgrunn i dette vil Suldal kommune nytta høvet til å minne alle om å følge dei nasjonale smittevernråda frå FHI.  

Lokal koronainformasjon
E-post
Telefon 906 99 226

Den lokale koronatelefonen er open:

Måndag – fredag
09:00 - 11:00
13:00 - 14:00

Laur - søn
10:00 - 13:00